HeimNyheiterAktivitetsveke for barn og unge i veke 25

Aktivitetsveke for barn og unge i veke 25

Påmelding til aktivitetsveka er delt på heimesida og Facebooksida til Gulen kommune og Gulen Frivilligsentral, og til føresette via skulane, og det er bra med påmeldingar. 

Det er to aktivitetsleiarar, Aina Nordgulen frå Nordgulen og Synnøve B. Johansen frå Byrknes. Dei er i full gang med planlegginga av ei super kjekk og spennande sommarveke med masse aktivitetar på Flolid og Dalsøyra.



Aina er nettopp ferdig utdanna barnehagelærar og Synnøve er midt i lærarutdanninga si, og dei er full av kreative idear så det er berre å glede seg.  

Måndag 1. - 4. trinn. Stad: Flolid
Tysdag  5.- 7. trinn. Stad: Flolid
Onsdag 1. - 4. trinn. Stad: Dalsøyra
Torsdag 5.- 7. trinn. Stad: Dalsøyra
Fredag   8. - 10. trinn. Stad: Flolid

Tidspunkt 10:00 - 14:00 kvar dag. 


Det vil bli sett opp gratis transport frå alle skulekrinsane og bygdene rundt. Dei som er påmeldt vil få meir informasjon på SMS. 

Alle må ha med seg niste og drikke. Så vil de bli servert frukt og drikke. 
Det er heilt greitt å ha med føresette for dei som ynskjer det. 

Dagane på Flolid skal Tone Ekerhovd, som er kulturformidlar på Gulatinget, ha eit kulturelt opplegg, i tillegg til aktivitetane som aktivitetsleiarane har lagt opp til 

På Dalsøyra vil Aina og Synnøve ha fleire aktivitetstilbod rundt skuleområdet. BUA Gulen sitt fritidsutstyr kan nyttast, så moglegheitene er mange. 

Velkomen til ei kjekk aktivitetsveke i Gulen!


Sist oppdatert: 28.04.2023
Publisert: 10.06.2022