HeimNyheiterBestill møte med byggesakshandsamar via vår nye bestillingsløysing

Bestill møte med byggesakshandsamar via vår nye bestillingsløysing

Måndagane har byggesaksavdelinga telefontid mellom kl 10:00 og 15:00, og i den tida kan ein bestille korte rettleiingsmøte via telefon. 

Fredag mellom 09.00 - 12.00 kan ein bestille lengre rettleiingsmøte og førehandskonferansar. Alle møtene må bestillast seinast 24 timar før møte.

Trykk her for å bestille møte med sakshandsamar byggesak. 

Rettleiing ved fysisk oppmøte må bestillast på førehand gjennom den nye bestillinsløysinga. 
Ved planlagde møte får sakshandsamarane høve til å førebu seg, og rettleiinga vert meir effektiv og av betre kvalitet for deg som treng hjelp. Vi tek difor ikkje lenger imot drop-inn besøk.

Kva kan vi hjelpe deg med?

  • Generelle spørsmål om byggjesøknader, samt rettleiing
  • Opplysingar om eigedomen din (t.d. grenser, storleik, naboliste osv)
  • Opplysingar om eigedommen sin planstatus (kommuneplan, reguleringsplan, omsynssoner)
  • Om du kan søkje sjølv
  • Søknadsskjema

Kva kan vi ikkje hjelpe deg med?

  • Teikningar
  • Prosjektere
  • Fylle ut søknaden din
  • Hjelpe deg med å ferdigstille søknaden din
    • Dersom du ynskjer at nokon skal sjekke kvaliteten på søknaden eller hjelpe til å ferdigstille søknaden, må du kontakte fagfolk. Dersom du syns heile søknadsprosessen er vanskeleg, vil vi anbefale deg å kontakte eit ansvarleg føretak som kan hjelpe deg med dette. Dette er fordi kommunen ikkje kan handsame søknader som vi sjølv har bidrege med å fylle ut. Vi kan derimot forklare kva slags informasjon som vert etterspurt i søknadsblankettane.


Har du spørsmål til ei pågåande byggjesak, kan du sende ein e-post til postmottak@gulen.kommune.no og vise til saksnummer så svarar me deg så raskt som råd. Vi set stor pris på om du sender e-post i staden for å ringje, då vi for tida har ei stor saksmengd som vi jobbar med å få kontroll på.


Sist oppdatert: 28.12.2021
Publisert: 28.12.2021