HeimNyheiterDatakafé for seniorer

Datakafé for seniorer

Gulen har no to datakafe tilbod, der seniorane kan komme med mobil, nettbrett o.l. og få hjelp det det ein måtte lure på innan den digitale verden.

Sosialt er det og ,der blir det servert kaffe og noko å bite i ;-)

Byrknes har datakafe tilbod kvar onsdag frå kl 17-18 på Byrknes skule. Ta kontakt med Jan Ove Einebærholm om det er spørsmål til datakafen. 

I februar vil det bli datakafe tilbod  torsdagar frå kl 13-14 på Vidsyn.Ta kontakt med Turid Westervik om det er spørsmål. 

Vi vil gjerne gi datakafe tilbod til andre stadar i kommunen. Ta kontakt med Gulen frivilligsentral /Kristin K Rasch om du kunne tenkt deg å vere med og skape eit datakafe tilbod i di bygd.   


Sist oppdatert: 07.02.2022
Publisert: 25.01.2022