HeimNyheiterDet er advent og det blir jul også i år!

Det er advent og det blir jul også i år!

Julekonsertene vert utsett, men ellers er vi er glad for at det vert mogleg med gudstenester og andre samlingar, samtidig som det er krevjande å gjeninnføre meter og dermed begrensingar på antall som kan komme.

Kyrkjene i Gulen vil arrangere samtlege gudstenester og førjulskos-arrangement som er planlagt i advents- og juletida. Dei planlagde julekonsertene vert imidlertid utsett. I Brekke vil Brekke mannskor og lokale krefter istaden arrangere konsert medio januar, medan mannskoret vil halda konsert på Mjømna den 15. januar.
I Gulen kyrkje vert konserten som var satt opp den 19. desember utsett til den 19. februar, og da gjerne som ein «ljos i mørket» - konsert.

Dette vil sei at det vert:

15.12. kl. 12.00: Eldregudsteneste i Gulen kyrkje
21.12. kl 17.00: Førjulskos med pynting av juletre i Mjømna kyrkje
24.12. kl 11.00: Julaftan-gudsteneste i Mjømna kyrkje
24.12. kl. 13.30: Julaftan-gudsteneste i Brekke kyrkje
24.12. kl. 16.00: Julaftan-gudsteneste i Gulen kyrkje
25.12. kl. 12.00: Høgmesse i Gulen kyrkje
26.12. kl. 11.00: Gudsteneste i Byrknes kapell
31.12. kl. 23.00: Nyttårsgudsteneste i Brekke kyrkje

I tillegg vert alle avtalte barnehage og skulegudstenester gjennomført.


Sist oppdatert: 09.12.2021
Publisert: 09.12.2021