Undervisning og praksis
Sidan 2000 har den brannførebyggande avdelinga tatt rundturen til barneskular i regionen. I år har rundt 1100 elevar fått besøk, og etter ein runde med undervisning i brannteori, har alle fått prøva seg på å sløkka ein brann.
Med denne inspirasjonen gjekk elevane i gang med å laga eit kreativt arbeid som viste det dei hadde lært, og utstillinga viser både brennande hus og brannbilar i farta.
Mellom elevane var det enkelte klassar som fekk ein «draumedag» på brannstasjonen på Ikenberget utanfor Knarvik + besøk på Vilvite-senteret i Bergen. På brannstasjonen fekk elevane prøva brannslange, varmesøkjande kamera i røykfylt rom, politiet var på plass med hundar, og personell frå ambulansetenesta hadde kurs i Hjarte- og lungeredning (HLR).