HeimNyheiterFallførebyggande trening for seniorar over 65 år

Fallførebyggande trening for seniorar over 65 år

Regelmessig fysisk aktivitet førebygger plager og er ei viktig kjelde for god helse, livskvalitet og overskot i kvardagen. Aktivitet gjev positiv gevinst gjennom heile livet, og det er aldri for seint å begynne.
Sjølv små grep i kvardagen kan ha stor betydning, all aktivitet tel.

Vi har no starta opp fyrste kursgruppe med fallførebyggande trening på Vidsyn.

Tilbodet er eit samarbeid mellom Gulen pensjonistlag, Gulen frivilligsentral og Fysio- og ergoterapitenesta i Gulen.

Måndag og torsdag i 6 veker skal denne spreke gjengen ha fokus på å styrke kroppen og trene balanse.

Vi ynskjer i løpet av året å etablere fleire treningsgrupper med fokus på fallførebyggande trening.

Lykke til 😊

Bilde av ein sprek gjeng


Sist oppdatert: 07.02.2023
Publisert: 07.02.2023