HeimNyheiterFerie for alle - sommarleir 2022

Ferie for alle - sommarleir 2022

Sogn og Fjordane Røde Kors arrangera "Ferie for alle" for familiar som slit økonomisk over tid.

Sommarleiren vert arrangert på Hauglandsenteret i Fjaler. 

Når

Veke 26: måndag 27.6. - fredag 1.7. 2022
Veke 27: måndag 4.7. - fredag 8.7. 2022
Veke 28: måndag 11.7. - fredag 15.7. 2022

Aktiv ferie

"Ferie for alle" er ein aktiv leirferie, kor det meste føregår utandørs med varierte aktivitetar som fisking, bogeskyting, klatring, og i båt på fjorden. Fleire dagar er det dessutan innandørs bading i basseng. Målet med ferien er at heile familien skal få gode opplevingar i lag, oppleve meistring og fellesskap, og få nye vener.

Praktisk informasjon

Familiane bur i UWC sine internatbygg på Haugland i rom med opp til fem soveplassar og eige bad. Sengetøy og handklede følgjer med romma. Det er høve til å vaske klede. Frukost, lunsj og middag serverast i kantinebygget, og enkel kveldsmat vert tillaga av dei frivillige i aktivitetshuset.

Det er dei kommunale tenestene, som helsestasjon, barnevern eller NAV, som søkjer om deltaking på vegne av familiane på eige søknadsskjema.

Påmeldingsfrist er 27.04.2022

Påmelding til

Hennie Lefdal tlf: 97 97 57 60
Jane Hesjedal tlf: 99 79 21 09
Lindy Kristin Andersen tlf: 94 03 82 47


Sist oppdatert: 04.04.2022
Publisert: 04.04.2022