HeimNyheiterFerie for alle – vinterleir 2022

Ferie for alle – vinterleir 2022

I vinterferien arrangerer Sogn og Fjordane Røde Kors "Ferie for alle" for familiar som slit økonomisk over tid.

Ferie for alle. Foto Røde Kors

Vinterleiren er eit supplement til offentlege tiltak, og gjeld for barnefamiliar som har svak økonomi over lengre tid, som ikkje har eigne ressursar til å ta seg ferie. Familien må ha minst eitt barn i alderen 6-13 år. Tilbodet er gratis - som inneber opphald med aktivitetar og tre overnattingar med heilpensjon.

Datoar

Leir 1 frå søndag 20. februar til onsdag 23. februar
Leir 2 frå torsdag 24. februar til søndag 27. februar

Leiren er leia av frivillige frå Røde Kors, men foreldra har sjølv ansvar for borna sine under opphaldet. I tillegg har leirstaden eigne aktivitetsleiarar som sørger for eit variert program med skileik, måltid på bål, skitur og villmarksleir.

Det er dei kommunale tenestene, som helsestasjon, barnevern eller NAV, som søkjer om deltaking på vegne av familiane på eige søknadsskjema.

Påmeldingsfrist er 13.01.2022

Påmelding til

Linda Hantveit tlf: 41 46 41 16
Hennie Lefdal tlf: 97 97 57 60
Jane Hesjedal tlf: 99 79 21 09
Ann Helen Engesæter tlf: 94 81 96 97
Lindy Kristin Andersen tlf: 94 03 82 47


Sist oppdatert: 04.01.2022
Publisert: 04.01.2022