HeimNyheiterFormannskapsmøte 2. juli inkluderte dialog

Formannskapsmøte 2. juli inkluderte dialog

Formannskap, leiar PLT og kommunedirektør var på firmabesøk hjå Martin E Birknes i Nesevågen. Her fekk dei betre kjennskap til endringane og utvidingane verksemda jobbar med. Samstundes vart det sett opp nokre punkt kring korleis bedrifta arbeider for å redusere støybilete. Pågåande tiltak er å ferdigstille anleggsarbeidet, auka bruk av ventekai og ny eigen og meir stillegåande båt. Det skal også gjerast nye støymålingar vedk. arbeidsmiljøsituasjon.

Det er semje om at dersom det oppstår ekstraordinære hendingar som krev arbeid utanom i ordinær produksjonsperiode, slik som til dømes helgar, vil kommunen bli varsla særskilt.

Effekten av avbøtande tiltak skal evaluerast når desse er ferdigstilte ila. hausten.


Sist oppdatert: 13.08.2021
Publisert: 05.07.2021