Gladmelding frå UKM workshopane
I desember hadde vi workshop i kunst der Kiri Lovise Njøten var kurshaldar, her fekk elevane øve på teikneteknikkar og akvarellmåling.
I januar hadde vi danse workshop med Irmelin Gripsgård, her var det fleire som koste seg med å lære ein kul dans.
Marius Haugsdal hadde workshop i foto, her lærte elevane bildekomposisjon, lukkertid, vinkling og andre metodar for å ta stilige bilete med mobil.
Tilbakemeldingane har kun vore positive frå alle som har vore med på kursa.
Håper endå fleire ynskjer å vere med på workshopane ut i året som kjem. Dette er ein utruleg kjekk arena for barn og unge som ynskjer å teste noko nytt, og alt er gratis!
Vi oppfordrar alle barn frå 10 - 20 år til å melder seg på UKM lokalmønstring på Dalsøyra den er 10. mars 2023. Meld deg på via ukm.no.
Helsing frå
Susan Norman
UKM ansvarleg Gulen kommune
Bilde