HeimNyheiterGladmelding frå UKM workshopane

Gladmelding frå UKM workshopane

I desember hadde vi workshop i kunst der Kiri Lovise Njøten var kurshaldar, her fekk elevane øve på teikneteknikkar og akvarellmåling.  

I januar hadde vi danse workshop med Irmelin Gripsgård, her var det fleire som koste seg med å lære ein kul dans.  
Marius Haugsdal hadde workshop i foto, her lærte elevane bildekomposisjon, lukkertid, vinkling og andre metodar for å ta stilige bilete med mobil. 

Tilbakemeldingane har kun vore positive frå alle som har vore med på kursa. 

Håper endå fleire ynskjer å vere med på workshopane ut i året som kjem. Dette er ein utruleg kjekk arena for barn og unge som ynskjer å teste noko nytt, og alt er gratis! 

Vi oppfordrar alle barn frå 10 - 20 år til å melder seg på UKM lokalmønstring på Dalsøyra den er 10. mars 2023. Meld deg på via ukm.no. 

Helsing frå 

Susan Norman  
UKM ansvarleg Gulen kommune 

Bilde

 


Sist oppdatert: 26.01.2023
Publisert: 26.01.2023