HeimNyheiterIkkje streik i Gulen kommune

Ikkje streik i Gulen kommune

Dei sentrale tariffpartane i kommunesektoren har mekla om resultatet av årets lønnsoppgjer. Etter fem timar mekling på overtid vart det klart at KS og tre av dei fire forhandlingspartane godtok forslaget frå Riksmeklaren. 

Unio derimot sa nei til forslaget frå Riksmeklaren, og har teke ut 7390 medlemmar i kommunar og fylkeskommunar ut i streik frå torsdag 27.05.21. Det er varsla ytterlegare opptrapping frå 02.06.21 med 13 370 nye medlemar i streik. Unio har førebels ikkje varsla streike-uttak i Gulen. Det vert derfor ikkje endringar i tenestetilbodet i Gulen kommune per no.


Sist oppdatert: 01.06.2021
Publisert: 01.06.2021