HeimNyheiterInformasjon frå Gulen legekontor

Informasjon frå Gulen legekontor

Rekruttering av nye legar er krevjande. De vart utlyst ledig stilling men til no er det ikkje søkjarar. For å redusere pågangen hjå dei andre legane har det blitt leigd inn ein lege frå eit vikarbyrå. Han vil vere på legekontoret i ca. 4 månedar.

Kommunen har såleis to fastlegar, ein vikar og ein turnuslege i månadane som kjem. Pasientar kan oppleve noko lengre ventetid på ordinære legetimar, då det må prioriterast pasientar som kjem til legevakt.

Legekontoret ber om forståing for personal situasjonen og beklagar om det blir noko ventetid.


Sist oppdatert: 28.10.2022
Publisert: 28.10.2022