HeimNyheiterInformasjon om Covid-19

Informasjon om Covid-19

Kommunen har fått ein del spørsmål om kva informasjon som vert lagt ut på heimesida når det gjeld tal smitta, kvar i kommunen smittetrykket er høgst, og kvar dei som har testa positivt har opphalde seg.

Rutinane er at heimesida vert oppdatert så snart som mogleg etter at kriseleiinga har får melding om bekrefta positiv test. I kva område dei smitta bur, eller har oppholdt seg,  vert det vanlegvis ikkje opplyst om. Unntak gjerast berre for dei tilfella det er ei fagleg grunn for det.

Smittesporingsteamet gjer til ei kvar tid ei fagleg vurdering på kor detaljert informasjon som skal leggast ut alt etter graden på smittesituasjonen. Teamet nyttar TISK - strategien, og opplever at personane det gjeld fylgjer dei faglege råda som til ei kvar tid vert gitt.

Dei som sit med smittesporing jobbar systematisk, raskt og grundig med å finne nærkontaktar. Det har heile tiden vore eit godt samarbeid med involverte personar. Dei siste tilfella har, som kjent råka unge personar. Desse har vore flinke til å hjelpe til slik at smittesporarane har kunne jobba med å halde oversikt. Oversikt er avgjerande for å informere og varsle riktig. I vurderinga må det og takast omsyn til personvern og teieplikt. 

Gulen kommune vil òg minne om at det framleis er restriksjonar på besøk ved Gulen sjukeheim.

Personar som ynskjer å kome på besøk må ta kontakt på førehand for å avtale tidspunkt, stad og tal personar som kan kome på besøk.


Sist oppdatert: 13.08.2021
Publisert: 13.08.2021