HeimNyheiterVaksineinformasjon haust 2024

Vaksineinformasjon haust 2024

Kikhoste vaksine

Vaksineringa mot kikhoste i Noreg starta i 1952.

Det var ikkje alle stader i landet at grunnvaksineringa kom i gang allereie då, så sjekk om du har det gamle vaksinasjonskortet ditt før du kontaktar legekontor eller helsestasjon. 

Du vil få rettleiing både på legekontoret og helsestasjonen i forhold til kva type vaksinering for kikhoste som er riktig for deg. 

Manglar du kikhoste-vaksine så gjeld grunnvaksinering som består av tre vaksiner.

Er du grunnvaksinert er anbefalinga påfyll av vaksine kvart 10. år.

Spesielt alle som jobbar i helse og/eller med barn oppmodast til oppfriskingsdose.

Hugs at alle som har fullgod vaksine-dekning, er med på å beskytte sårbare grupper, som nyfødde og småbarn, og bidrar til å unngå større utbrot av sjukdommen.

Helsenorge finn du oppdatert informasjon om vaksiner gitt av nyare dato.

Kvar kan eg få kikhoste vaksine?

Du kan bestille vaksinasjon på helsestasjonen eller legekontoret, samt utvalte apotek. Du må sjølv betale for vaksinen.

Influensa- og covid vaksine

FHI anbefaler alle over 65 år og personar i risikogrupper til å vaksinere seg med årets influensavaksine og Covid-vaksine.

Det blir fellesvaksinering på Dalsøyra i slutten av oktober månad og vi oppfordrar flest mogleg til å nytte desse dagane.

Det blir også eigne vaksinasjonsdagar for deg over 75 år på utekontora.

Ynskjer du berre influensa-vaksine, kan du nytte deg av felles vaksinasjonsdagar, eller drop-in på legekontora.

Det kjem meir informasjon om eksakte datoar når det nærmar seg.


Sist oppdatert: 11.09.2024
Publisert: 11.09.2024