HeimNyheiterInvitasjon til næringssamling 05.04.2022

Invitasjon til næringssamling 05.04.2022

Under arbeidet med ny samfunnsplanen for Gulen kommune, (2022-2034), vart det hausten -21 gjennomført ei næringsundersøking. Sentralt i tilbakemeldingane står eit ynskje om betre samhandling og meir dialog med det offentlege.

Kommunen ynskjer å invitere deg til eit to-timars digitalt seminar der me mellom anna presenterer undersøkinga og diskuterer korleis ein i fellesskap best kan utvikle kommunen.

Dato: Tysdag 5. april 
Tid: 17.00 – 19.00 
Stad: Digital samling, teams. Trykk på lenka for å vere med i møte: 

Klikk her for å delta i møtet

Det er fint om du skriv inn namnet ditt når du loggar på teams-møte


Program 

17.00:  Velkommen   

17.00 - 17.30:  
- Kva fortel næringsundersøkinga oss? v/Ragnhild Undertun, dagleg leiar GMU 
- Den gode samhandlinga mellom kommune og næringsliv  
 v/Irene Søreide 
- Spørsmål 
 
17.30: Grøn Region Vestland v/Maren Kamlund og Vegard Sjursen, EY og Lasse Kolbjørn Anke Hansen, Vestland fylkeskommune

18.00: SWECO – utarbeidar ny klima -& miljøplan for Gulen kommune. Kva er viktig frå eit næringsperspektiv? 

18.45: Avslutning
 
Det blir opna for spørsmål og innspel etter kvar bolk.

Fyll opp kaffikoppen og bruk ettermiddagen til å komme med dine innspel og spørsmål.

Med venleg helsing

Ragnhild Undertun                                                                                                                                      
Dagleg leiar GMU
Tlf. 901 42 025
E-post: ragnhild@gmu.no


Sist oppdatert: 21.03.2022
Publisert: 21.03.2022