HeimNyheiterKompensasjonsordning for verksemder som er råka av pandemien i Gulen kommune

Kompensasjonsordning for verksemder som er råka av pandemien i Gulen kommune

Gulen kommune har fått tildelt tilskot frå staten for å sikre stønad til lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Bak dette ligg det til dømes:

  • Kompensere kostnadar som følgje av smitteverntiltak.
  • Tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.
  • Stønad til reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane.
  • Andre verksemder som av ulike årsaker fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Selskap som har stor omsetnadssvikt i 2021
    • Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet.
    • Autoristert besøkssentre for natur og verdsarv.

Gulen kommune oppfordrar kriseråka verksemder i kommunen til å søke.

For handsaming av søknadene tek ein utgangspunkt i desse føresetnadane :  

  • Forretningsadresse og verksemd i Gulen kommune
  • Ordninga gjeld stønad til å dekkje faste kostnadar.
  • Verksemda må ha eit inntektstap på meir enn 30%.

Skulle di verksemd vere råka av smitteverntiltak, utan at de kan dokumentere omsetningssvikt som skissert, kan de likevel søkje om støtte.

Verksemda må i så fall gi ei ekstra grunngjeving for søknaden, og spesifisere kvar for seg

  • kostnadar som følgje av smitteverntiltak,  og eventuelt
  • andre utgiftar/ tap som følgje av pandemien.

Saka vil då bli forelagt formannskapet, som vil vurdere nærmare kva type verksemder som fell inn under ordninga. Formannskapet er fondstyre og avgjer søknadar til ordninga.

Frist for komande formannskapsmøte er onsdag 19. mai.

Kompensasjonsordninga vil vere gjeldande frå 1. mars 2021 til 1. september 2021, eller til tilskotet er brukt opp (før 1. september).


Sist oppdatert: 26.04.2021
Publisert: 26.04.2021