HeimNyheiterLag og organisasjonar kan søkje tilskot til høge straumkostnader

Lag og organisasjonar kan søkje tilskot til høge straumkostnader

De søkjer via Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider innan 15. mars.

På same måte som private husstandar, får lag og organisasjonar no høve til å få dekt delar av dei høge straumkostnadane for perioden desember til mars.

Ordninga gjeld organisasjonar som er registrerte i frivilligregisteret. I tillegg til tradisjonelle medlemsorganisasjonar, vil ordninga óg gjelda ideelle samskipnader som eig ulike typar forsamlingslokale.

Det vil óg vera mogleg å få dekt straumkostnader i leigde lokale der leigetakar betaler straumen.

De må søkje via det nasjonale søknadsskjemaet hos Lotteri- og stiftelsestilsynet. Desse blir automatisk vidaresendt til kommunen.

Trykk her for å gå til søknadsskjema.


Dei som søker må oppgi:

  • Namn på organisasjon
  • Organisasjonsnummer
  • Kontaktinformasjon
  • Kontonummer
  • KWt forbruk desember og januar
  • Straum- eller fjernvarmerekning for desember og januar som vedlegg

Med utgangspunkt i gjennomsnittlege prisar for perioden, gjeld følgande støttesatsar:

Desember: 59 øre per kWt
Januar: 57 øre per kWt
Februar: 38 øre per kWt
Mars: 66 øre per kW


Totalt har Kulturdepartementet fordelt 250 millionar kroner i straumstøtte for frivillig sektor til kommunane.
Trykk her for meir informasjon om ordninga.

Har du spørsmål om ordninga?

Ta kontakt med
kulturkonsulent Herold Kråkenes.
Tlf: 57 78 20 08
e-post: herold.krakenes@gulen.kommune.no 


Sist oppdatert: 08.03.2022
Publisert: 08.03.2022