HeimNyheiterMellombels avfallsmottak våren 2022

Mellombels avfallsmottak våren 2022

Dei mellombelse avfallsmottaka vert plassert følgjande stader:

  • Prestekaia Eivindvik 19.03.2022. Kl 09.00-15.00
  • Modalen (ved teknisk lager) 12.03.2022. Kl 09.00-15.00
  • Kvingo (ved butikk) 12.03.2022. Kl 09.00-15.00
  • Steine (ved Posten) 26.03.2022. Kl 09.00-15.00
  • Brekke ferjekai 02.04.2022. Kl 09.00-15.00
  • Matre (ved innkøyrsel til Stordalen) 02.04.2022. Kl 09.00-15.00
  • Fedje (ved Samnøy sitt lager) 05.03.2022. Kl 09.00-15.00

Du kan finne mykje aktuell informasjon på NGIR si heimesida

Til dei mellombelse avfallsmottaka kan ein levera:

  • Restavfall
  • Plastemballasje
  • Papir, papp og drikkekartong
  • Svartelista planter (i pose/sekk)
  • Metallskrap
  • Møblar
  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall.
  • Trevyrke/trykkimpregnert trevyrke (maks 1 m3 på palle)
  • Farleg avfall, til dømes batteri, bensin, olje (på kanne), måling, sprayboksar, asbest og vindauge.
  • Gips og glava (maks 1 m3 på palle)

Krav til levering:

Eternit/asbest skal pakkast i byggingsplast (dampsperre 0,32 mm), slik at plasten dekkjer asbesten. Materialet må leverast på pall, og under transport må den sikrast med tau, for å unngå skader på platene. Ikkje bruk stroppar, då dei kan skada plasten og føra til utslepp av asbesthaldig støv.

NGIR sine transportørar har ikkje lov til å ta med feilpakka eternit/asbest.

Isolerglasruter kan leverast enkeltvis, eller, ved fleire enn ein, spikra på pall.


Vi gjer merksam på:

  • Næringskundar kan ikkje levere avfall
  • Lastebilar med ei totalvekt over 3500 kg har ikkje tilgang til området
  • Større traktorar/hengarar har ikkje tilgang til området. Små traktorar («gråtass») og hengarar er OK.
  • Pakk lurt! Det du lastar opp i hengaren/bilen, må og klare å lossa av når du er framme. Vi har ikkje truck/utstyr til å løfte tilgjengeleg, så det du bringer med deg, må du kunne lossa av for hand.

Sist oppdatert: 09.03.2022
Publisert: 09.03.2022