HeimNyheiterMykje som rører seg i Gulen frivilligsentral for tida

Mykje som rører seg i Gulen frivilligsentral for tida

Midlane skal brukast på positive aktivitetstiltak for innbyggjarane i Gulen. Vi skal halde fram med å søke midlar for 2022 og vidareføre aktivitetane og vidareutvikle prosjekta vi har sett i gang.

Bua Gulen

Eit av prosjekta vi har jobba med i heile 2021, og som vi skal vidareutvikle, er BUA Gulen. BUA er ein utlånssentral der alle i Gulen kan låne gratis fritidsutstyr heile året.

Det har tatt litt lenger tid enn det vi håpa, men no nærmar Bua Gulen bygget seg ferdig på Dalsøyra. Med godt samarbeid med Kåre og resten av gjengen på eigendom og frivillige er vi snart i mål. Vi håper vi skal vere klar før vintersesongen kjem for fullt.

 

Datakafe

Vi fekk og tildelt midlar frå fylket for å styrke datakunnskapen til seniorane våre.  Dette er eit viktig tema som vi håper å få vidareutvikle til neste år. Gulen har no to datakafe tilbod, Dalsøyra og Byrknes, der seniorane kan kome med mobil, nettbrett o.l. og få hjelp det det ein måtte lure på innan den digitaleverda.

Sosialt er det og, der blir det servert kaffe og noko å bite i.

Aktivitetstilbod til heimebuande pensjonistar

Gulen frivilligsentral fekk og midlar til aktivitetstilbod til heimebuande pensjonistar. I 2021 har det vore vanskeleg å få gjennomført noko med dei smittevernstiltaka som var i vinter/ vår . I haust opna det seg  moglegheit, så då booka vi sjølvaste Tore Halvorsen (tidlegare vokalist i Ole Ivars). Han hadde tredagars turne i Gulen. Han spelte  på alle eldresentera i Gulen og sjukeheimen. Vi hadde og seniortreff på Skjerjehamn og Brekkestranda med transport og juletallerken. Tore likte seg godt i Gulen, og sa han vart godt motteken. Det han ikkje var så begeistra for var vegane våre, men han ville gjerne kome igjen 😊  


Sist oppdatert: 02.12.2021
Publisert: 02.12.2021