HeimNyheiterNy sokneprest i Gulen frå august

Ny sokneprest i Gulen frå august

Den trettifem år gamle soknepresten kjem frå bygda Vaksdal. I ungdom- og barneåra var han aktiv med i Røde kors, og etter kvart vart han med på bedehuset på Vaksdal. Etter vidaregåande gjekk han eit år på bibelskulen ACTA. Året etter jobba han i organisasjonen LAGET før han starta på studier til å bli prest. Planen var eigentleg å bli styrmann, men ei kallsoppleving gjord at det var prest han skulle bli.

Bilde av en prest
Han har studert ved misjonshøgskulen i Stavanger (i dag VID), ved NLA i Bergen og Kirkelig utdanning i nord (KUN). I 2018 var det fest i bygda då han vart ordinert i Vaksdal kyrkje. Det første året jobba han i Eidsvåg og Biskopshavn sokn som kapellan. Frå 2019 og fram til i dag har han vore spesialprest i Meland sokn. Han har jobba mykje med barn og ungdom, samstundes som han har hatt normale presteoppgåver som gravferd, vigsel og gudsteneste. No ser han fram til å komme til Gulen.

Han flyttar til Eivindvik i sommar og ser fram til å bli betre kjend med lokalsamfunnet, bygdene og kyrkjelydane.

Vi ynskjer Håkon varmt velkommen til Gulen!


Sist oppdatert: 16.05.2024
Publisert: 16.05.2024