HeimNyheiterPåmelding til sommaraktivitetsveka 2024

Påmelding til sommaraktivitetsveka 2024

I år er aktivitetsveka tysdag, onsdag og torsdag i veke 26. Kvar dag er det program frå ca. 10-14 + reisetid. 
Det kan kome endringar i programmet/lokasjon, men dette er førebels program:

  • Tysdag 25. juni er vi på kaia på Dalsøyra saman med Gulen jeger og sportfiskarlag og Ungdomslaget Fridom. Her blir det hovudsakleg fisking på agendaen, men ein kan vere med utan å fiske. Alle må ha med redningsvest. Vi har nokre redningsvestar til utlån, gi beskjed viss du har behov for det.
  • Onsdag 26. juni er vi på idrettsbana/skulen på Dalsøyra saman med Dalsøyra idrettslag. Her blir det ulike idrettsaktivitetar, og rolegare aktivitetar som kubb og tur.
  • Torsdag 27. juni er vi i Brekke-området. Her er ikkje planen heilt landa, men det blir litt ulike valfrie aktivitetar. Kanskje vi får til ein skyting med skyttarlaget for dei som er i 4-7.klasse. Base blir truleg på Oppedal.

Tilbodet er gratis, og vi spanderar lunsj kvar dag. Vi set opp transport, og ber dykk om å skrive inn adresse/busstopp, slik at vi kan sette opp transport frå nærmast busstopp, eller evt. frå heimen. Det er mykje arbeid med å organisere transport, så det er fint om de ikkje gjer noko endringar etter påmeldinga er stengt.

Korleis melde seg på? 

Påmeldingfrist er 5.juni
Du melder deg på her

Har du spørsmål?

Ta kontakt med frivilligkoordinator Johanne Halland Fridtun.
E-post: johanne.halland.fridtun@gulen.kommune.no, tlf: 40446022


Sist oppdatert: 24.05.2024
Publisert: 24.05.2024