HeimNyheiterSmittesituasjonen i Gulen kommune 14.12.2021

Smittesituasjonen i Gulen kommune 14.12.2021

17.11.21. vart det det meldt om ein vaksen person i Gulen kommune som hadde testa positivt for covid-19. Vedkommande vart lagt inn på sjukehus p.g.a. tilstanden 20.11.21, og døde av sjukdommen 01.12.21.

 

Kommunehuset er ope for besøkande, men grunna nasjonal retningsliner om bruk av heimekontor er det få saksbehandlarar tilgjengeleg på kommunehuset. Vi anbefala alle om å ta kontakt via telefon for å avtale møte.

 

Kriseleiinga har stor forståing for at folk no er skuffa over dei følgjer nye restriksjonar frå staten medfører. T.d. veit me at elevar på Eivindvik skule har arbeidd i lang tid med å førebu framsyning av førestillinga Putti Plutti Pott. Elevar, foreldre, søsken, besteforeldre og naboar har alle gledd seg til å sjå denne koselege førestillinga no i ei ellers så travel førjulstid. 
Det var difor ikkje noko enkel avgjerd for kriseleiinga å beslutte at førestillingane må utsettast. Det kunne strengt tatt vore gjennomført nokre av framsyningane før nye retningsliner trer i kraft ifrå midnatt natt til onsdag. Me kan i midlertid ikkje sjå vekk i frå kva som er intensjonen med dei nye retningslinene og kvifor dei ikkje trådde i kraft frå det augeblikk dei var annonsert måndag kveld kl. 20. Smittesituasjonen i landet krev handling NO, men skulane og andre aktørar som dei nye retningslinene påverkar må få tid til å omstille drifta. Kriseleiinga kan ikkje forsvare noko anna enn å innrette aktiviteten vår etter intensjonen frå staten. Målet med alle tiltaka no er at alle skal få vere friske og feire jul saman med familien.

Trykk her for å sjå dei nasjonale retningslinene gjeldande frå midnatt natt til onsdag.

Vi minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar og sørg for god handhygiene.


Sist oppdatert: 14.12.2021
Publisert: 14.12.2021