HeimNyheiterSmittesituasjonen i Gulen kommune 21.08.2021

Smittesituasjonen i Gulen kommune 21.08.2021

Kommune fekk natt til  i dag stadfesta eitt nytt tilfelle med Covid-19. Vedkomande er bebuar ved Eivindvik bu- og omsorgssenter. Alle nærkontaktar er kontakta og testa.

Eivindvik bu- og omsorgssenter er inntil vidare stengd for besøkande.

Smittevegen er ukjend.

Gulen kommune har per i dag éin person i isolasjon, og éin i smittekarantene.


Sist oppdatert: 21.08.2021
Publisert: 21.08.2021