Styrketrening for seniorar - oppstart mars 2023
Regelmessig fysisk aktivitet førebyggjer plagar og er ei viktig kjelde for god helse, livskvalitet og overskot i kvardagen. Aktivitet gjev positiv gevinst gjennom heile livet, og det er aldri for seint å begynne. Sjølv små grep i kvardagen kan ha stor betydning, all aktivitet tel.
Styrketrening bidreg til å bremse det aldersbestemte tapet av muskelmasse og styrke. Styrketrening er også positivt for skjelettet, då det kan redusere risikoen for beinskjørheit og reduserer risikoen for skader etter fall.
Tid og stad for trening
Ei frivillig seniorgruppe i Eivindvik regionen tar no initiativ til å starte styrketrening tysdagar kl 10.30-11.30 i mars, april og mai.
Stad: Helsebanken (Gamle banken i Eivindvik)
Det vil bli kurs/opplæring i bruken av treningsutstyr av Thomas Stølen måndag 06.03.23 klokka 12.00- 13.00.
Frå tysdag 14.03.23 blir det 1 times økt med styrketrening for seniorar over 65 år som bur heime.
Dette er eit gratis tilbod og det er ingen påmelding.
Det vil blir ei sosial samling ved møteplassen etter trening for dei som ynskjer det.
Vi håpar og sjå deg der 😊
Har du spørsmål ta kontakt med:
- Miek Norman 41 61 09 72
- Randi Wergeland 95 12 99 03
- Kristin K Rasch 90 10 41 39