HeimNyheiterTakk til frivillige parkeringsvakter ved vaksinering

Takk til frivillige parkeringsvakter ved vaksinering

Her står to av dei fem frivillige parkeringsvaktene som har stått på sidan vaksineringa starta opp i Gulen, og har jobba gjennom heile sommaren 😊

Parkeringsvakt_vaksinering2

Parkeringsvakt_vaksinering

Dei har full kontroll på parkeringsplassen og sørga for at alt går trygt og ryddig for seg. Dette er ein utruleg viktig jobb for å unngå kaos og farlege situasjonar når så mange skal komme og gå i samme tidsrom.

Gulen frivilligsentral vil takke Mari Hendrix, Agnar Mostrøm, Tor Dagfinn Berge, Oddbjørn Opdal og Magny Berg for ein fantastisk innsats. Spesielt takk til Magny Berge som koordinerer arbeidet i samarbeid med vaksinasjonsteamet på Dalsøyra.

Vil og takke Gulen Røde kors for fantastisk frivillig arbeid.


Sist oppdatert: 25.08.2021
Publisert: 16.08.2021