HeimNyheiterTilskot til Kulturbygg

Tilskot til Kulturbygg

Du finner lenke med tilgang til søknadsskjema og retningslinjer her
Tilskot til kulturbygg i Vestland - Vestland fylkeskommune
Det ligg ved gode forklaringar på kva som er nødvendig av dokumentasjon, søknadsbeløp, med meir.

Når du legger inn søknaden går den til Gulen kommune som kvalitetssikrar søknaden og legg den fram for politisk behandling. Vidare overfører kommunen søknaden til fylkeskommunen.

Frist for innsending av søknad til Gulen kommune er 1.mars 2024.

Søknader som vert sendt inn etter frist vert ikkje godkjende. Fristen setjast då pga førebuing til politisk behandling før fylkeskommunen sin innsendingsfrist.

Nye søknader som skal inn må varslast slik at me får tildele anleggsnummer i anleggsregisteret. 
Det er tidkrevjande å leggje inn søknad og å få på plass all nødvendig dokumentasjon, så nye anlegg bør meldast inn snarast.

Søknader til fornying finner du på eksisterande anleggsnummer.
Ved fornying treng du ikkje leggje inn godkjende vedlegg som er sendt inn saman med tidlegare søknad, dersom informasjonen i vedlegga framleis er gyldig. Oppdatert kostnadsoverslag må leggjast ved, samt ei oppdatering på framdrift i tiltaket eller endringar/avvik frå tidlegare innsendt søknad.

Ta kontakt med einingsleiar for kultur og mangfald ved spørsmål eller for å få oppretta nytt anlegg. Epost: vivian.vage@gulen.kommune.no.


Sist oppdatert: 07.02.2024
Publisert: 07.02.2024