HeimNyheiterTilskot til veglys 2024

Tilskot til veglys 2024

I budsjett for 2024 har kommunen satt av kr 100 000 i driftstilskot til veglys i bygdene. I tillegg har Formannskapet løyvd ekstra tilskotsmidlar til utskifting av lysarmaturar til LED-lys på kr 400 000 for 2024.

Kriterium for tilskot er som fylgjer

  • Drifta er organisert i eit eige lag, med eit ansvarleg styre
  • Laget fører rekneskap og skriv årsmelding
  • Laget driftar 10 lyspunkt eller meir

Korleis søkje om tilskot?

Elektronisk søknadsskjema er tilgjengeleg her

Hugs å laste opp siste års rekneskap og årsmelding samt andre vedlegg som må vere med søknaden. Søknadar som kjem inn utanom elektronisk søknadsskjema vil ikkje bli godkjent.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. juli. 


Sist oppdatert: 14.06.2024
Publisert: 14.06.2024