HeimNyheiterTysdag 18. mai flyttar legevakta inn i helsehuset

Tysdag 18. mai flyttar legevakta inn i helsehuset

Dei tilsette på legevakta gler seg til å flytte inn i Region Nordhordland Helsehus. F.v. Solfrid Aase, Grethe Valdersnes, Ingrid Nagell Tangerås, Ann-Christin Sagstad og Erna Inger Fosse. Foto: Ingunn Gjærde/Alver kommune

– Vi gler oss til å ta imot pasientane i flunkande nye lokale, fortel legevaktsjef Ingrid Nagell Tangerås.

Nordhordland legevakt er eit interkommunalt samarbeid som dekker kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy.

– Det blir flott å få legevakta inn i bygget. Her vil det vere veldig gode forhold for både pasientar, pårørande og tilsette, seier Rune Heradstveit, dagleg leiar for Region Nordhordland Helsehus IKS.

Slik finn du legevakta

Den nye adressa i Knarvik er Kvassnesvegen 40. Legevakta er lokalisert i 1. etasje, ved inngang til venterom ved heis/trapp A.

– Når du kjem inn hovudinngangen på vestsida av helsehuset, er det godt merka inn til legevakta. På telefon når du oss framleis på det nasjonale legevaktnummeret, 116117, forklarer Tangerås.  

Parkering

Det er mogleg å parkere i underetasjen til helsehuset. Nedkøyringa til parkeringsgarasjen er på austsida av bygget. Gå til trappehus A og ta trapp/heis opp til 1. etasje.

I slutten av mai vil det bli innført parkeringsavgift i garasjeanlegget. Det er avgrensa med parkeringsplassar og ein ønskjer at det skal vere plass til dei som har timeavtalar og skal på legevakta.

Den første timen vil vere gratis, og etterpå vil det bli ei avgift på kr 12,50 per 30 minutt. Det vil vere gratis å parkere frå klokka 17:00 til 08:00 på kvardagar. Det er også gratis i helga.

Betalinga skjer gjennom systemet Sesam Sesam, som automatisk registrerer bilskilt og sender faktura i ettertid. Har du lasta ned Sesam Sesam-appen eller Easy Park-appen vert betalinga trekt automatisk frå kortet ditt.  

Treng du legehjelp?

Om du treng legehjelp kan du ringe fastlegen din i deira opningstid. Når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente, ring legevakta på telefon 116117.

Er det akutt og står om liv og helse? Ring 113.

Fram til 18. mai klokka 10 finn du Nordhordland legevakt i same lokale som tidlegare i Knarvik, i Kvassnesvegen 48A.


Sist oppdatert: 12.05.2021
Publisert: 12.05.2021