HeimNyheiterUkrainske flyktningar i Gulen

Ukrainske flyktningar i Gulen

Vi har nyleg passert 1-års dagen for krigen i Ukraina. Krigen pågår framleis, og mange millionar menneske har måtte flytte frå heimlandet sitt. Krigen drep menneske, øydelegg heimar, byar og infrastruktur, og truer med å ta frå ukrainarane både friheit og sjølvstendigheit. Det var ikkje dette vi forventa i Europa no.

I 2022 vart nærare 40 000 flyktningar busett i norske kommunar, og kommunane er bedd om å busetje 35 000 nye i 2023.

Det er kommunestyret som bestemmer kor mange flyktningar kommunen skal ta mot, og IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) som fordeler. Gulen kommunestyre vedtok å ta mot 30 flyktningar i 2022. 

Pr. 31.12.2022 hadde Gulen busett 42 flyktningar frå Ukraina. 27 var fordelt frå IMDI, 12 kom på eige initiativ eller som familiegjenforening, og 1 vart fødd i Gulen.

IMDI har anmoda Gulen om å ta mot 30 nye flyktningar i 2023.  Kommunestyret skal ta stilling til dette i møtet 23. mars.

Myndigheitene har bestemt at ukrainske flyktningar som søker om asyl/beskyttelse, får innvilga kollektiv beskyttelse.  Denne er tidsbegrensa, og gjeld for eit år om gangen, i inntil tre år.  Ein kan då bli busett i ein kommune, har rett på helsehjelp, rett til å jobbe, barn har rett til barnehageplass og skulegang.

Vaksne har rett til å følgje introduksjonsprogram som blant anna omfattar opplæring i norsk. I tillegg skal ein ha språk-/ arbeidspraksis, to dagar i veka.  Mange er utplassert i bedrifter rundt i kommunen, men vi treng fleire plasser.  Dette er ein fin måte for bedriftene å vere med og hjelpe.  Bedriftene får ikkje økonomisk støtte til slike praksisplassar, men betaler heller ikkje løn.    

Vaksne som deltek i introduksjonsprogrammet, får ei månadleg godtgjersle frå kommunen.  Denne skal dekke vanlege utgifter som vi alle har, slik som som husleige, straum, internett, SFO, tannlege, eigenandelar for helsetenester, livsopphald osb.

Målet med introduksjonsprogrammet er å gje deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til raskt å komme seg ut i arbeid eller vidare utdanning.  Varigheita av introduksjonsprogrammet varierer med tidlegare utdanning og kvalifikasjonar, kva mål som er sett, og dels individuelle skilnader i å tileigne seg språkkunnskapar.

Nokre har alt fått jobb.  Desse deltek ikkje i introduksjonsprogrammet, men har rett til norskopplæring.

Norsksenteret er tilknytt Eivindvik barnehage og skule. Om lag halvparten av flyktningane er busett i Eivindvik, resterande i Byrknes skulekrins og langs FV 57 frå Rutledal til Dalsøyra. 

Ut frå kor mange nye flyktningar kommunestyret vedtek å ta mot i år, vil vi trenge fleire bustader og praksisplassar. Ta kontakt med flyktningtenesta i kommunen dersom nokon har bustad å leige ut, eller har språk-/ arbeidspraksisplass.

Språk og arbeid er grunnleggande for god integrering. Men inkludering i lokalsamfunna er også viktig. Vi må ikkje vere redde for å bli kjent med nye menneske. Integrering handlar om inkludering i fellesskapet, og om aksept og respekt for andre og det som er annleis. Hels, eller slå av ein prat - sjølv om språket er mangelfullt, forstår alle eit smil og ei utstrakt hand.


Sist oppdatert: 10.03.2023
Publisert: 10.03.2023