HeimNyheiterVårteljing av hjort våren 2021

Vårteljing av hjort våren 2021

Det er 11 ruter som vert køyrde. Slik sett vil dei fleste grender i kommunen vere dekka. Køyrerutene går stort sett langs offentleg veg. I nokre tilfeller er det naudsynt å køyre på private vegar og kanskje inn på tunet til nokre av gardane for å komme til teigen. Dei som utfører teljinga har sterke lykter og skal lyse ut over bøane dei køyrer langs, for å registrere dei hjortane som går der.

Det er no 2 teljingar att. Grunna dårlege meldingar og snø på bakken som gjer til at ferre hjort vil søkje bøane, vert det ei veke forskyving på datoane. Det vert teljing fredag 16.04.21 eller laurdag 17. og fredag 23.04.21.eller laurdag 24.  Teljinga startar kl. 23 om kvelden og kan vare til kl. 02:00

Viltansvarleg Halvor L. Brosvik


Sist oppdatert: 27.05.2021
Publisert: 26.03.2021