HeimFaktura og betalingar

Faktura og betalingar

Betale faktura frå Gulen kommune?

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle rekningar frå Gulen kommune skal betalast til bankkonto 3705.31.50943 som også er oppgitt på fakturaen. Det er viktig å  oppgje aktuelt KID-nummer for å sikre rask og korrekt handsaming av innbetalinga di. 

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar:

  • IBAN-KODE: NO57 3705 3150 943 
  • SWIFT/BIC-adresse: SOFJNO22

Kva måte vil du betale fakturaene dine på?

Privatpersonar:

Vi nytter følgjande kanalar ved utsendinga i prioritert rekkefølgje:

  1. avtalegiro
  2. eFaktura
  3. Vipps
  4. digital postkasse
  5. e-post
  6. papirfaktura

Ønskjer du å endre kvar du mottek faktura?

eFaktura:

  • Sjekk dine aktive betalingsavtalar og innstillingar i nettbanken din
  • Ver merksam på “Ja-takk til alle”
  • “Ja-takk til alle” kan vere sett opp ulikt i bankane – sjekk banken din
  • Har du betalt rekningar for andre kan du ha oppretta betalingsavtale for andre.

 Trykk her for å lese meir om eFaktura

Vipps: 

Om du ikkje ønskjer faktura tilsendt på Vipps må du deaktivere dette under Profil, Regninger og eFaktura i Vipps-appen.

Meir hjelp ved Vipps

Digital postkasse:

Sjekk innstillingar i den digitale postkassen

 

For næring/verksemder:

Faktura blir som standard sendt i denne rekkefølgje:

  1. EHF
  2. e-post
  3. papirfaktura

For å få faktura på EHF må økonomisystemet ditt vere oppdatert for å få tilsendt faktura på EHF, og du må melde verksemda inn i Elma og Aksesspunkt.

Trykk her for å lese meir om Elma og Aksesspunkt

Har du spørsmål om innbetaling av faktura?

Ta kontakt med økonomiavdelinga 

Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?

Ta kontakt med sentralbordet ved spørsmål til desse fakturaene:

  • Gebyr innanfor vatn, avlaup, byggesak, oppmåling, plan
  • Eigedomsskatt
  • Helse- og omsorgstenester

Sentralbord er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.

Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med barnehagen til barnet ditt

Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med skulen til barnet ditt

Spørsmål om musikkskule: Ta kontakt med leiar for musikkskulen

Tilskot og gåver

For andre innbetalingar til kommunen (der det ikkje er sendt faktura) kan du merke med den avdelinga du ønskjer å gi til, eller ta kontakt med økonomiavdelinga vår for å få informasjon om korleis du skal merke innbetalinga.

Sende faktura til kommunen?

Gulen kommune krev elektronisk faktura, EHF, på alle typar innkjøp og bestillingar.
Organisasjonsnummeret ein sender til er: 938 497 524

EHF er ei forkorting for Elektronisk Handelsformat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.

Oversikt over komplette fakturasystem og enkle fakturaportalar som kan lage Elektronisk handelsformat (EHF) 


Kva gjer du om verksemda di absolutt ikkje kan levere ein EHF?

Send faktura som pdf på e-post til faktura@gulen.kommune.no

Sender du faktura på denne måten skal den vere maskinskrive. Hugs å få med følgjande opplysningar:

Firmanamn, organisasjonsnummer, mottakarnamn (avdeling) og helst referansenr til bestillar, fakturadato, forfallsdato, fakturanummer, fakturabeløp, meirverdiavgiftspesifikasjon,  bankkonto, og evt. KID- nummer.


Sist oppdatert: 12.03.2021
Publisert: 20.10.2020