HeimHelse, sosial og omsorgSjukeheimSøkje sjukeheimsplass

Søkje sjukeheimsplass

Korttidsopphald i sjukeheim

Eit korttidsopphald i sjukeheim er tidsavgrensa. Målet med opphaldet kan vere å kartleggje helsetilstanden og ernæringsstatusen din eller vurdere kva behov du har for hjelp, behandling, rehabilitering og opptrening.

Slik søkjer du

 

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva får du?

  • du får hjelp av autorisert helsepersonell
  • du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
  • du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
  • du får tilsyn av sjukeheimslege
  • du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar på institusjonen
  • du får fysioterapi ved behov
  • du får gratis medisinar
  • du får fri tannbehandling ved offentleg klinikk

Krav til søkjar

  • du har behov for ei overgangsordning etter utskriving frå sjukehus
  • du har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov
  • du treng hjelp til opptrening/ rehabilitering
  • du treng sosial stimulering
  • du treng hjelp til ernæring

Kontakt oss

Les meir

Trykk her for å lese Retningslinje for tildeling av rehabiliteringsopphald i institusjon.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Søkje langtidsplass

Langtidsopphald på ein sjukeheim er eit tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet. For å få langtidsplass i institusjon må det først ha vore vurdert og prøvd andre alternative tenester. Det blir lagt til rette for at par som ønskjer det kan bu saman på sjukeheim.Lurar du på om dette er mogleg, kan du ta kontakt med tenesteleiar.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 

Kva kostar det?

Prisen er forskjellig frå brukar til brukar, og blir fastsett etter kva økonomi du har.

Kva får du?

  • Du får hjelp av helsepersonell
  • Du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
  • Du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
  • Du får tilsyn av sjukeheimslege
  • Du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen
  • Fri medisin
  • Fri tannbehandling ved offentleg klinikk

Krav til søkjar

  • Du har vedvarande og omfattande behov for behandling eller oppfølging
  • Du har behov som etter ei fagleg vurdering berre kan dekkast ved langtidsopphald i sjukeheim
  • Andre tenester må vere vurdert eller prøvd

Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svara deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.

Kontakt oss

Les meir

Trykk her for å lese forskrift om tildeling av langtidsopphald i Gulen kommune

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Søkje avlastingsopphald

Avlastningsopphald er eit tilbod til pårørande med særleg tyngjande pleie- og omsorgsoppgåver. Du kan søkje avlasting for ein eller fleire periodar. Du kan også søke om rullerande avlasting. Målet med avlastingsopphald  er å utsetje behovet for ein institusjonsplass, slik at du kan bu heime lengst mogleg.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. Det er ikkje eigenbetaling for denne tenesta.

Kva får du?

  • du får forsvarleg helsehjelp
  • du kan delta på sosiale aktivitetar i institusjonen
  • du får alle måltider
  • omsorgsytar får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver

Krav til søkjar

  • du får hjelp frå familie eller andre omsorgspersonar til mange, krevjande omsorgsoppgåver
  • du bur heime
  • du må sjølv ta med personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som du treng i kvardagen
  • du har ikkje rett på transport, men kan be fastlegen din om å skrive ut drosjerekvisisjon

Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kontakt oss

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 11.03.2021
Publisert: 27.06.2018