Heimesjukepleie

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis.

Kva kan du søkje om?
  • Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrar
  • Dagleg stell
  • Sårbehandling
  • Råd og rettleiing om kosthald og helse
  • Råd og rettleiing slik at du sjølv kan meistre oppgåver som til dømes å lage til medisin, skifte stomi med meir
  • Hjelp til å stå opp, legge deg og toalettbesøk
Krav til søkjar

Du treng hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.

Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss

Har du spørsmål ta kontakt med avdelingssjukepleiar ved tilhøyrande bu- og omsorgssenter:

 Bu- og omsorgssenter Avdelingssjukepleiar Telefonnummer
Eivindvik bu- og omsorgssenter Joy Palmer 57 78 16 20
Brekke bu- og omsorgssenter Line Haugland 57 78 16 30 
Byrknes bu- og omsorgssenter Irmelin Gripsgård 57 78 16 40 
Dalsøyra bu- og omsorgssenter Irmelin Gripsgård 57 78 16 50 
Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 28.06.2018