Helsestasjon
Kontakt
-
-
Helsestasjonen brukar helsenorge.no til å kommunisere med brukarane. Dette er ein enkel og sikker måte å kommunisere på.
-
Via helsenorge.no kan du be om timeavtalar, avbestille avtalar og sende meldingar på ein trygg og enkel måte. Her finn du også mykje nyttig informasjon om helse og innhaldet i tenestene.
-
Du loggar deg på helsenorge.no ved bruk av elektronisk id som til dømes bank-id. Bruk av appen til helsenorge anbefalast.
-
Dersom du ikkje ynskjer å benytte helsenorge.no, kan du ta kontakt med helsesjukepleiarane på e-post eller telefon
måndag - fredag 08:00 - 15:30:
-
Tilsette | Telefon/mobil |
e-post |
Leiande helsesjukepleiar Hennie Lefdal |
57 78 20 85/ 97 97 57 60 |
hennie.lefdal@gulen.kommune.no |
Helsesjukepleiar Linda Hantveit |
57 78 20 86/ 41 46 41 16 |
linda.hantveit@gulen.kommune.no |
Helsesjukepleiar Elisabeth Rahner |
57 78 20 88/ |
elisabeth.rahner@gulen.kommune.no |
- Postadresse: Alle brev (post) til helsestasjonen og skulehelsetenesta sendast til: Gulen helsestasjon, Eivindvikvegen 1102, 5966 Eivindvik
Gulen helsestasjon - hovudkontor Eivindvik
- Telefon: 57 78 20 85 / 57 78 20 86
- Besøksadresse: Eivindvikvegen 1102, 5966 Eivindvik
- Kontortid: måndag - fredag klokka 08:00 - 15:30
Gulen helsestasjon - avdeling Brekke
- Telefon: Ta kontakt på mobil
- Besøksadresse: Sognefjordvegen 432, 5961 Brekke
- Kontortid: måndag klokka 08:00-15:30
Gulen helsestasjon - avdeling Byrknesøy
- Telefon: Ta kontakt på mobil
- Besøksadresse: Søre Garden 30, 5970 Byrknesøy
- Kontortid: onsdag klokka 08:00 -15:30
Helsestasjon for born 0-5 år
Når du har født eller adoptert eit barn vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for heimebesøk. Nytilflytta familiar vert oppfordra til å ta kontakt med helsestasjonen.
Målet med helsestasjonsprogrammet
- At foreldre opplever meistring i foreldrerollen
- Å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
- Å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn
- Å førebyggje, avverge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt
- Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
- Å bidra til at barn får oppfølging og henvisast vidare dersom det er naudsynt
Helsestasjonsprogrammet
Alder | Type | Vaksine |
Nyfødde | Heimebesøk | |
2-4 veker | Gruppe | |
6 veker | Helsesjukepleiar og lege | Vaksine |
3 månadar | Helsesjukepleiar | Vaksine |
4 månadar | Helsesjukepleiar og fysioterapeut i gruppe | |
5 månadar | Helsesjukepleiar | Vaksine |
6 månadar | Helsesjukepleiar og lege | |
8 månadar | Helsesjukepleiar | |
10 månadar | Helsesjukepleiar | |
12 månadar | Helsesjukepleiar og lege | Vaksine |
15 månadar | Helsesjukepleiar | Vaksine |
18 månadar | Helsesjukepleiar | |
2 år | Helsesjukepleiar og lege | |
4 år | Helsesjukepleiar |
Orientering om journalføring
Helsestasjonen pliktar å føre journal med helseopplysingar. Journalføringar vert gjort på bakgrunn av kva helsepersonell pliktar å skrive ned, og på bakgrunn av kva dei ut frå ei fagleg forsvarleg vurdering finn naudsynt og hensiktsmessig. Journalen skal i hovudsak bidra til kvalitet og kontinuitet i behandling, slik at barnet får best mogleg oppfølging på helsestasjonen. I sped- og småbarnsalderen, og så lenge det er naturleg, er det dei føresette som ivaretek rettar barnet har som brukar av helsestasjonen.
Innsynsrett, overføring av journal og nasjonalt vaksinasjonsregister
Innsynsrett
Føresette har som hovudregel rett til innsyn i samtlege opplysningar som omhandlar barnet. De har også rett til kopi av desse opplysningane. Ved utskrift/innsyn av journal får de tilbod om gjennomlesing saman med fagperson.
Overføring av journal
Hovudregelen er at journal skal overførast til ny helsestasjon ved flytting. Dette for å sikre ein fagleg forsvarleg oppfølging. Har de spørsmål i forbindelse med oversending av journal, kan de ta opp dette med helsestasjon før flytting.
Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK
Alle vaksinar som barnet får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, blir registrert i SYSVAK. Føremålet med SYSVAK er å halde oversikt over vaksinasjonsstatus hjå den enkelte, og å følgje med på vaksinasjonsdekninga på landsbasis. Det er ikkje mogleg å reservere seg mot registrering av vaksinasjon.
Nyttige informasjonsbrosjyrar og lenkjer
Utvikling
Tilrådingar for å førebygge skeivt hovud og favorittside
Film om barns motoriske utvikling 0-15 månader
Samspel
Din fantastiske baby - Film, Stine Sofie stiftelsen
Sjå kva eg ser - om barnet si sosiale utvikling
Psykiske reaksjonar i svangerskap og barseltid
Alkohol kan skape utryggleik hos barnet
I trygge hender - Film
Tips til foreldre om mobilbruk
Tannhelse
Film om tannhelse på ulike språk
Amming/ernæring/kost
Nye råd om D-vitamintilskot og tran til spedbarn
Born under eitt år bør ikkje ete honning
Informasjonsbrosjyre om D-vitamindråpar
Korleis du ammar ditt barn, nokre råd den første tida
Helsenorge - etter fødsel/amming - om amming, oppbevaring av morsmelk, samt brosjyrar om amming på ulike språk
Matportalen - om mormelkerstatning
Matportalen - om ernæring til barn
Tryggmammamedisin - om trygg medisinbruk under amming
Breast feeding attachment - movie
Måltidet - ein verdi å ta vare på
Vaksinar
Folkehelseinstituttet - om vaksinasjon
Sjukdommar barnet ditt vert tilbydd vaksine mot
Filmar om barnevaksinasjon - folkehelseinstituttet
Førebygging av ulykker/tryggleik i heimen
Når barnet skadar seg, råd til småbarnsforeldre om førstehjelp
Barns miljø og tryggleik 0-6 månadar
Barns miljø og tryggleik 6 månadar - 2 år
Trygt sovemiljø for spedbarnet
Giftinformasjon - helsenorge
Tryggtrafikk - om sikring av barn i bil
Gode råd til foreldre
Når barnet ditt har ørebetennelse
Foreldrehverdag - svært nyttige tips og råd om foreldreskap, basert på foreldrerettleiingsprogrammet ICDP
Voksneforbarn - råd rundt mange ulike tema
Barnevakten - om barn og medier
Statens strålevern mot solbeskyttelse
Kva bør eg vite når barnet mitt går på nett?