HeimNyheiterDrop-in sesongvaksinering hausten 2023

Drop-in sesongvaksinering hausten 2023

Hausten er her, og det er forventa fleire luftvegsinfeksjonar gjennom haust- og vintersesongen. 

Nærmare informasjon om kven dei ulike vaksinene er tilrådd for, og kva vaksiner som kan kombinerast, finn du i informasjonen nedanfor og i vedlagte lenker. Vaksinasjon vil beskytte mot sjukdom, redusere smitte, redusere sjukefråvær, og bidra til god beredskap i helse- og omsorgstenestene.

Det blir drop-in sesongvaksinering i Gulen kommune

  • Dalsøyra samfunnshus torsdag 26.10 kl 09:00-13:00
  • Dalsøyra samfunnshus torsdag 09.11 kl 09:00-13:00

Ved drop-in treng ein ikkje å bestille time på førehand, det er berre å møte opp i tidsrommet som er satt opp. Vi oppmodar flest mulig til å møte på dei oppsatte dagane.

  • Barn kan få sesongvaksinasjon på helsestasjonen etter avtale.
  • Det blir tilbod om sesongvaksinasjon på sjukeheimen og bu- og omsorgssentra
  • Dersom det ikkje passa å gå på fellesvaksinering kan du også få influensavaksine og pneumokokkvaksine på dei ulike legekontora frå veke 43.
  • Det vert tilbod om influensa og koronavaksine for deg over 75 år på Byrknes legekontor onsdag 25. oktober frå kl 10:00-12:00 og på Brekke legekontor måndag 30. oktober frå kl 10:00-12:00.
  • Koronavaksine kan du få på drop-in på Gulen helsesenter måndagar frå kl 13:00-15:00 frå veke 43.  

Prisar

Koronavaksine: Gratis
Influensavaksine: 200 kr
Pneumokokkvaksine: 400 kr

Det blir mulig å betale kontant eller med bankterminal.

Kven bør vaksinere seg mot influensa?

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Prematurt fødde barn, særlig fødd <veke 32, opp til 5års alder
  • Barn og vaksne med ulike kroniske sjukdommar (sjå meir informasjon i vedlagt link)
  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte

I vedlagte lenker ligg det god informasjon om vaksinene og kven dei er tilrådd for. Om du har helserelaterte spørsmål knytt til om du skal vaksinere deg som du ikkje finn svar på i denne informasjonen, oppmodar vi deg til å ta kontakt med din fastlege for vurdering i forkant av vaksineringa.

FHI oppfordrer flere til å ta vaksine mot influensa og korona - FHI

Influensavaksine til risikogrupper - FHI
Informasjon om koronavaksine - FHI
Pneumokokkvaksine - FHI

Influensa- og koronavaksine på 1-2-3 - FHI

Kva vaksiner kan setjast samtidig?


Sist oppdatert: 19.10.2023
Publisert: 17.10.2023