Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • at du ikkje har fått tilbod om den tenesta du ønskjer
  • forhold ved tenesta som du ikkje er nøgd med
  • kritikkverdige forhold
  • saksbehandlinga
Klage på eit vedtak?

Du kan klage på vedtaket vårt, om du ikkje får helse- og omsorgstenester som du sjølv meiner du har krav på. Du kan klage innan tre veker etter at du fekk det endelege vedtaket på søknaden din.

Fordi klagen kan innehalde opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende dokumenta på e-post. Lever klagen på kommunehuset eller send den til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemnda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik

Når vi får klagen, må vi gå gjennom vedtaket på nytt og vurdere ei endring. Dersom vi ikkje endrar vedtaket, sender vi klagen din vidare til Statsforvalteren i Vestland.

Trykk her for å lese meir om klage på helse- og omsorgstenester

Klage på ei teneste du mottar?

Er du ikkje nøgd med tenesta du får, til dømes på ein sjukeheim, bør du først og framst ta kontakt med leiinga ved sjukeheimen. Ver tydeleg på kva du ikkje er nøgd med og ønskjer at vi skal endre.

Dei som mottar klagen din, må undersøke saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Får du ikkje medhald, kan du sjølv sende ein skriftleg klage til Statsforvaltaren i Vestland.

Trykk her for kontaktinformasjon til Statsforvaltaren i Vestland

Får du medhald, kan Statsforvaltaren starte ein tilsynssak. Då må kommunen utbetre eventuelle feil. Får du ikkje medhald frå Statsforvaltaren kan du klage til klage til Sivilombudsmannen.

Trykk her for å gå til sida til Sivilombudsmannen.

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til å klage? Ta kontakt med 

Sone/Avdeling Kontaktperson Telefonnummer
Einingsleiar sone Eivindvik - Gulen sjukeheim Nina Haveland 57 78 16 02
Avdelingssjukepleiar langtidsavdeling Sissel Kvame 57 78 16 03
Avdelingssjukepleiar dementavdeling (i permisjon til 24.05.2024) Brita Eidnes 57 78 16 05
Avdelingssjukepleiar Eivindvik bu- og omsorgssenter  Joy Palmer 57 78 16 20
     
Konstituert Einingsleiar sone Brekke, Byrknes Dalsøyra Aina Furebotn 57 78 16 54
Avdelingssjukepleiar Brekke bu- og omsorgssenter Line Haugland 57 78 16 30 
Avdelingssjukepleiar Byrknes bu- og omsorgssenter Irmelin Gripsgård 57 78 16 40 
Avdelingssjukepleiar Dalsøyra bu- og omsorgssenter Irmelin Gripsgård 57 78 16 50 
     
Einingsleiar PU-tenesta Carolyn Renate Holvik Westervik 57 78 16 61

Les meir


Sist oppdatert: 06.11.2023
Publisert: 21.08.2018