HeimHelse, sosial og omsorgKoronaStatus koronasituasjonen i GulenSmittesituasjonen i Gulen kommune 08.12.2021

Smittesituasjonen i Gulen kommune 08.12.2021

06.12.21 informerte kommunen på heimeside om to elevar og ein tilsette ved Byrknes skule som var definert som nærkontaktar til smitta med covid-19. PCR-testar vart tatt 06.12.21, og er besvart negative.

07.12.21. testa ein tilsett ved Eivindvik skule positivt på hurtigtest. PCR-test vart tatt 07.12.21,  og er i dag besvart negativ.

Det er i dag ikkje kjend smitte ved nokon av skulane i Gulen kommune.

 

Me opplever eit sterkt smittepress i samfunnet. Kriseleiinga i kommunen har difor i møte i dag valt å legge seg på ei «føre var» linje i høve arrangement på skular og barnehagar no før jul. Det inneber at det ikkje vert gjennomført tradisjonelle juleavslutningar i skule og barnehage. Skule og barnehage vil sjølv informere ut om sine planar.

 

Meir informasjon om nasjonale retningsliner finn du her


Sist oppdatert: 19.04.2022
Publisert: 08.12.2021