HeimHelse, sosial og omsorgKoronaInformasjon til besøkande på Gulen sjukeheim

Informasjon til besøkande på Gulen sjukeheim

Kriterier som må vere tilstades for å besøke bebuarar på Gulen sjukeheim, pr 03.06.2021.

  1. Besøket må avtalast til eitt gitt tidspunkt på førehand. «Bestille» tid; frå kl 12 og utover:
  2. Pasient/bebuar og besøkande er frisk; ingen symptom på covid 19 (feber, hoste, sår hals, tung pust, rennande nase)
  3. Besøkande har ikkje vore på utanlandsreise dei siste 10 dager eller venter på prøvesvar etter covid 19 test
  4. Vi oppmoder om at personer frå område med stort smittetrykk unngår besøk på sjukeheimen.
  5. Fullvaksinert bebuarar kan ha nærkontakt med eit begrensa antall uvaksinerte besøkande, og dei samme over tid. Dersom både bebuar og besøkande er fullvaksinert kan dei ha nærkontakt.
  6. Forøvrig gjeld nasjonale retningslinjer med avstand og god handhygiene. Sjå fhi.no for meir informasjon.
  7. Besøkende må melde til Gulen sjukeheim, hvis de i etterkant av besøk får symptom som kan vere forenelig med Covid 19.
Besøksalternativ
  • Ute: Besøket bør så langt som råd gjennomførast ute. Besøkande kan trille bebuar på tur i rullestol, men må unngå direkte nærkontakt dersom bebuar ikkje er fullvaksinert.

  • «Besøksrom»: På gamlestova eller i vestibylen. Max 4 besøkande og i eit begrensa tidsrom (1 time) for at andre også skal ha mulighet til å benytte dette besøksalternativet. Oppretthalde avstand (1 m) under besøket, sjå forøvrig pkt 5. Dersom bebuar ikkje er vaksinert, må besøkande bruke munnbind. Bruke inngangen direkte frå veranda. Evt særavtaler (bursdager) må avklarast med avd. før helg, på dagtid.

  • På bebuarrom: Kun aktuelt dersom bebuar er fullvaksinert. Max 2 besøkande ; oppretthalde avstand (1 meter), sjå forøvrig pkt 5.

  • Bilkøyring; Kan vere med på biltur med 1 besøkande. Fleire om alle er fullvaksinert. Dersom uvaksinert bebuar, må sjåfør bruke munnbind.

  • Permisjon; Unngå å eksponere bebuar for unødig mange nærkontakter.

Gjennomføring av besøket
  • Du/de må ringe avd. når du/de ankjem; tlf nr står på døra
  • Du/de vert fulgt til avtalt besøksalternativ og evt fulgt til utgangen når du/de går
  • Under besøket:
    • Både du/de og bebuar må gjennomføre handvask/desinfeksjon av hender.
    • Besøkande til bebuar som ikkje er fullvaskinert får utdelt munnbind
    • Du/de må reg. namn og telefonnr; i tilfelle smittesporing i etterkant.
    • Husk avstandskriterier både til andre bebuarar og personalet, 2 meter
    • Gåver e.l. til bebuar må leverast til personalet ved ankomst. Dette gjeldt også medbrakt kjeks/kake/frukt osv. Personalet syter for trygg overbringing til bebuar.
    • Dersom du/de lyt nytte toalett under besøket; må du/de ringe på (tlf eller alarmknapp) til avd. og bli fulgt eller rettleia til aktuelt besøkstoalett.
  • Handvask/handdesinfeksjon både hjå pasient/bebuar og alle besøkande etter endt besøk.
  • Vi lyt gjennomføre vask av alle kontaktflater etter kvart besøk så fint om de ikkje berører flater eller ting unødig.


Ved behov for ytterlegare informasjon ta kontakt med Gulen sjukeheim.

 


Sist oppdatert: 13.07.2021
Publisert: 16.03.2021