Koronavaksinasjon
Status 28.03.2023
- Regjeringa har beslutta å følgje Folkehelseinstituttet sine råd og anbefala ny oppfriskingsdose (5. dose) til personar 75 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar.
-
Ein ny dose vil vere særleg aktuell for dei som ikkje tidligare har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.
-
Det bør ha gått meir enn 6 månadar sidan førre dose.
- Det blir vaksinering på;
- Brekke legekontor 17. og 24. april frå kl 10-12
- Byrknes legekontor 19. og 26. april frå kl 10-12
- Eivindvik legekontor 3., 17. og 24. april frå kl 13-15
For dei av dykk som bur på ein av kommunen sine helseinstitusjonar eller har tenester frå omsorgstenesta vil det, på dei same datoane, bli mogleg å få vaksine der.
Koronavaksinasjon
- Me vaksinera fyrste måndag i månaden frå kl 13:00-15:00 på Gulen helsesenter. All vaksinasjon føregår ved drop-in.
- Folkehelseinstituttet anbefaler oppfriskingsdose (3. og 4. dose) til:
- 65 år og eldre.
-
Personar med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp i aldersgruppa 18-64 år.
Tykk her for meir informasjon om risikogrupper -
Ungdom med alvorleg grunnsjukdom i aldersgruppa 12-17år
- FHI har opna for oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18-64 år utan underliggande sjukdomar.
- Gulen kommune vaksinera med anbefalt koronavaksine som oppfriskningsdose - Comirnaty Original/Omicron& BA.4-5 (BioNTech/Pfizer)
Ny oppfriskningsdose vert anbefalt til personar 75 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar
Regjeringa har beslutta å følgje Folkehelseinstituttet sine råd og anbefala ny oppfriskningsdose (5. dose) til personar 75 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar.
Vaksineanbefalingar for våren 2023:
-
Ny oppfriskningsdose vert anbefalt til personar 75 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar
-
Ein ny dose vil vere særleg aktuell for dei som ikkje tidligare har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.
-
Det bør ha gått meir enn 6 månadar sidan førre dose.
-
Vaksineringa vert gjennomført etter påske. Meir informasjon kjem.
FHI har opna opp for oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18-64 år utan underliggande sjukdomar
- FHI vurderar at gruppa 18-64 år uten underliggande risiko per no ikkje vert inkludert som ei av målgruppene som vert anbefalt ein ny oppfriskingsdose, men at det likevel vert opna for at dei som sjølv ynskjer det, kan ta ein ny dose. Slik epidemien er forventet å utvikle seg, vurderar Folkehelseinstituttet at risikoen for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19 er lav for personar 18-64 år uten underliggande risiko.
Nytten av ny oppfriskingsdose vil vere begrensa fordi dei fleste så langt har tatt dei anbefalte dosane og mange har i tillegg relativt nyleg gjennomgått infeksjon. - Det er imidlertid andre behov enn reint medisinske som kan ligge til grunn for at enkelte har eit ynskje eller behov for å la seg vaksinere. Det kan vere reise, ynskje om å beskytte omgjevnadane, ynskje om å redusere faren for meir plagsomme symptom etter smitte, eller ei generell uro for sjukdomen.
- Det er god tilgang på koronavaksine i Norge.
Anbefalt 4. oppfriskingdose til personar som er 65 år og eldre
- Folkehelseinstituttet anbefaler at personar som er 65 år og eldre får oppfriskningsdose.
- Anbefalinga om oppfriskingsdose gjeld uavhenging om ein nyleg har gjennomgått koronainfeksjon.
- Det blir ikkje sendt ut innkalling til vaksinasjon, så ein må sjølv møte opp til vaksinasjon på Gulen helsesenter.
- Dosen kan bli gitt tidlegast 4 månadar etter siste oppfriskingsdose, eller minimum 3 veker etter gjennomgått koronainfeksjon.
- Har ein spørsmål ta kontakt med vaksinekoordinator Linda M. Hantveit på tlf 41 46 41 16.
Vaksinasjon med 4. dose koronavaksine til personar med alvorleg svekka immunforsvar
FHI anbefaler at pasientar med alvorleg svekka immunforsvar tar oppfriskingsdose nr. 4 med koronavaksine.
Det skal ha gått 3 månader frå du fekk 3. dose til du kan få 4. dose.
Dei som skal ha 4. dose kan møte på drop-in på oppsette tider til vaksinering.
Folkehelseinstituttet har utarbeida ei oversikt over kva sjukdomar personar som blir anbefalt ei 4. dose har og kva medisinar ein nytta.
Koronavaksinering for 5-11 åringane
Barn født i 2010-2016 får tilbod om koronavaksine. Føresette kan velje å vaksinere barna sine dersom dei ynskjer det. Dette er mest aktuelt for:
Barn med kroniske sjukdomar (Tilsvarande gruppe som vert anbefalt influensavaksine).
Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse.
Barn med auka risiko fordi dei skal flytte eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lev i ein utsatt situasjon.
Ynskjer du at ditt barn skal vaksinerast ta kontakt med
Linda Hantveit tlf 41 46 41 16.
Koronavaksinering for 12-15 åringane
Føresette kan velje å vaksinere barna sine dersom dei/ barnet sjølv ynskjer det, og ein dose vil redusere den allereie lave risikoen for eit meir alvorleg forløp.
Førsette kan velje å vaksinere barna sine med dose to 8- 12 veke etter dose 1 dersom føresette/barnet sjølv ynskjer det.
Regjeringa har avgjort å følgje Folkehelseinstituttet si anbefaling om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12 - 15 år. Ein må vere fylt 12 år før ein kan få vaksine. Les meir om vaksinering i alderen 12 - 15 år.
Koronavaksinering for 16 og 17 åringane
Alle som ikke har starta grunnvaksinering bør ta 2 doser med mRNA-vaksine så snart som mogleg.
Dei som er fylt 18 år kan ta ein oppfriskingsdose 20 veker etter siste dose i grunnvaksineringa dersom dei ynskjer det.
Helsepersonell
Folkehelseinstituttet si vurdering er at det per i dag ikkje er grunnlag for å inkludere helsepersonell i målgruppene som vert anbefalt ein ny oppfriskingsdose no i haust, men at helsepersonell som sjølv ynskjer det, kan velgje å ta ein ny dose.
Informasjon til deg som skal ta koronavaksina
Vi ynskjer at folk kjem så presist som mogeleg og ikkje blir ståande eller sittande å vente verken før eller etter vaksinasjon.
Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema og les informasjonen som ligg ved.
Vaksineringa skjer på fylgjande måte:
1. Registrering. Her leverer du eigneerklæringa som ligg ved og vis identifikasjonsbevis.
2. Vaksinering. Sprøyta med vaksine blir sett i overarmen. Ta på praktiske kle slik at det er lett å få fram overarmen.
3. Observasjon. Me har som rutine at alle som tar vaksine må sitte i 20 minuttar etter vaksinasjonen i tilfelle ein får ein reaksjon etter vaksine.
Du skal ikkje møte til vaksinering om du har luftvegssymptom. Gi då beskjed på tlf. 97 97 57 60, eller tlf. 41 46 41 16.
Er du usikker på om du av helsemessige årsaker ikkje bør ta vaksinen eller har medisinske spørsmål ta kontakt med din fastlege på tlf. 57 78 10 90.
Har du andre spørsmål knytt til vaksineringa, så ta kontakt med koronavaksinekoordinator på tlf. 97 97 57 60, eller tlf. 41 46 41 16.
Mvh
Anita Pettersen - Smittevernlege
Linda Hantveit - Koronavaksinasjonskoordinator
Kva må eg gjere før eg vaksinera meg?
Når du har fått time for vaksinering må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. Dette tar du med deg på vaksinasjonsdagen.
Skjemaet kan du laste ned frå FHI sine nettsider:
https://www.fhi.no/publ/skjema/egenerklaringsskjema-for-koronavaksinasjon/ og printar det ut og tar det med seg.
Viss du ikkje har moglegheit til å printe det ut sjølv kan du få det på kommunehuset, på helsesenteret eller du kan få det tilsendt i posten.
Du må ta med identifikasjonsbevis når du skal vaksinere deg.
Du skal ikkje møte til vaksinering om du har luftvegssymptom. Gi då beskjed på telefon; 97 97 57 60 eller 41 46 41 16.
Er du usikker på om du av helsemessige årsaker ikkje bør ta vaksinen, bør du ta kontakt med fastlegen din å få ei vurdering.
NB! Gi alltid beskjed om du ikkje kan møte, for då kan andre få din plass i vaksinasjonskøen! Meld i frå på tlf. 97 97 57 60 eller 41 46 41 16.
Meir informasjon om vaksineringa og vaksina finn du FHI sine nettsider:
Brosjyre: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/koronavaksine-pa-1-2-3/
https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus---comirnaty-biontech-og-pfizer/
Etterregistrering av koronavaksine tatt utanfor Norge
Trykk her for meir informasjon
Eg har ikkje bil eller nokon til å køyre meg, korleis kjem eg meg til vaksinasjon?
I utgangspunktet må du prøve å kome deg til avtalt vaksinasjonsplass sjølv. Du kan for eksempel bruke dør til dør-kort, drosje, venner, familie eller naboar. Har du inga løysing på det så hjelper me dei innbyggjarane som trenger det. Ta då kontakt på tlf: 57 78 10 90.
Kostar vaksina noko?
Nei, både vaksina og vaksinasjonen er gratis.
Korleis blir vaksina registrert?
Alle vaksiner blir registrert i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK, https://www.fhi.no/hn/helseregistre-og-registre/sysvak/
Du vil finne oversikt over dine vaksiner på https://www.helsenorge.no/
Kva koronavaksine får du i Gulen kommune
Gulen kommune får pr dags dato tildelt koronavaksine frå BioNTech/Pfizer (Comirnaty).
For meir informasjon om koronavaksinene på ulike språk, trykk på lenkene under:
BioNTech/Pfizervaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus---comirnaty-biontech-og-pfizer/
Gir koronavaksina bivirkningar?
Alle vaksiner har bivirkningar, dei fleste er milde og forbigåande. Vaksina er testa i store studiar på mange tusen menneske.
Vanlege bivirkningar er:
Ømheit og vondt på stikkstaden.
Trøttheit.
Hovudverk.
Vondt i kroppen.
Frysningar / feber
Dette er bivirkningar som er ubehagelege, men som går over etter få dagar. Kontakt lege eller anna helsepersonell vis du får uvanlege, kraftige eller langvarige symptom etter vaksine.
For meir informasjon om koronavaksinene på ulike språk, trykk på lenkene under:
BioNTech/Pfizervaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus---comirnaty-biontech-og-pfizer/
Kontakt
Kven kan eg kontakte viss eg har spørsmål eller ynskjer meir informasjon?
Ta kontakt med smittevernlege Anita Pettersen eller fastlege angåande medisinske spørsmål på tlf 57 78 10 90
Ta kontakt med koronavaksinekoordinator Linda Hantveit på tlf 41 46 41 16 eller Hennie Lefdal på tlf 97 97 57 60 eller viss ein har andre spørsmål rundt vaksineringa.
Nytt elles Folkehelseinstituttet sine nettsider;
https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/
Aktuelle lenker:
Informasjon om koronavaksine på ulike språk:
https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/koronavaksine-pa-1-2-3/
Informasjon om vaksinene:
BioNTech/Pfizervaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus---comirnaty-biontech-og-pfizer/
Modernavaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus----covid-19-vaccine-moderna/
Eigenerklæringsskjema
https://www.fhi.no/publ/skjema/egenerklaringsskjema-for-koronavaksinasjon/