HeimHelse, sosial og omsorgKoronaNye retningsliner frå 27. september

Nye retningsliner frå 27. september

Endringa inneber at du som innbyggjar får ein større del av ansvaret for testing og smittesporing.

Dette er ledd i overgangen til ein normal kvardag med auka beredskap, der vi skal handtere koronavirus på same måte som andre infeksjonssjukdomar.

Sjå flytskjema for kva du skal gjere ved nyoppståtte luftvegsinfeksjonar. Skjemaet gjeld for alle, også dei som er vaksinert eller har gjennomgått covid-19 tidlegare.
Trykk her for flytskjema.

Vidare finne du meir informasjon om dei nye retningslinene for testing, islolasjon, smittesporing og karantene: 

Kven skal teste seg? 

Trykk her for å lese testkriteria til FHI.

Trykk her for å lese meir om symptom og testing på helsenorge.no.

Slik får du tak i hurtigtestar

Hurtigtestar får du kjøpt på dei lokalbutikkane i kommunen som har apotekutsal. Du kan også kjøpe på apotek eller nettapotek. 

Legekontoret bistår kun indekstilfelle (den smitta) og husstandsmedlemmar med hurtigtestar. 

Kva gjer du om hurtigtesten er positiv? 

Dersom hurtigtesten er positiv og visar at du har korona, må du ta ein ny test på legekontoret. Hald deg heime, isoler deg frå dei du bur med (om du kan) og ring legekontoret eller smittevernlege så snart du kan.

Du må sjølv melde ifrå til nærkontaktane dine at du har fått korona, og seie at det er tilrådd at dei testar seg med hurtigtest. Viser vidare til flytskjema. 

Kva gjer du om hurtigtesten er negativ? 

Dersom du er sjuk skal du halde deg heime, sjølv om testen er negativ.

Ventar du svar på test som er teken på legekontoret? 

Har du tatt ein PCR-test på legekontoret, finn du svaret på helsenorge.no 1-4 døgn etter at du tok testen.

Trykk her for å logge inn på Helsenorge.

Når skal du i karantene eller isolasjon? 

Trykk her for å lese meir om kven som skal vere i karantene eller isolasjon på helsenorge.no.

Trykk her for å lese informasjon og råd til nærkontaktar og dei som er i isloering på fhi.no.

Har du spørsmål om korona? 

Bruk chatboten til helsedirektoratet eller ring den nasjonale informasjonstelefonen for korona.

Informasjonstelefonen 815 55 015 er open på kvardagar frå 08.00 til 15.30.

Chatboten finn du nedst i høgre hjørnet på alle sidene til www.helsenorge.no. Dersom chatboten ikkje har svar til deg, kan du fortsetje samtalen og be om å bli sett over til ein rettleiar.


Sist oppdatert: 28.09.2021
Publisert: 27.09.2021