HeimHelse, sosial og omsorgKoronaOppmoding om testing ved symptom på luftvegsinfeksjon

Oppmoding om testing ved symptom på luftvegsinfeksjon

Du kan hente gratis hurtigtest på legekontora, innan for opningstida, og utover dette kan du hente hurtigtest ved bu- og omsorgssentera i Brekke, Byrknes, Eivindvik og Dalsøyra.
Det er viktig at ein ringe bu- og omsorgssenteret og avtala henting av testane og at ein ikkje går inn på bu- og omsorgssentera. Ein må sjølv gjennomføre testinga.


Har du vore på reise eller arrangement og ynskjer å teste deg kan du ta kontakt med legekontoret eller bu- og omsorgssentera for å få hurtigtest. Det er også mogleg å kjøpe hurtigtestar på lokalbutikkane med apotekutsal eller på apotek.


Koronasmitten breier seg i kommunane rundt oss. Me minner difor om dei smitteførebyggjande råda: Hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar og sørg for god handhygiene.

Sentrale styresmakter vurderer nye tiltak fortløpande. Kommunen gjennomføre kontinuerleg vurdering av smittesituasjonen, og vil kome med oppdatert informasjon over helga.

 

For å få utdelt gratis hurtigtest ta kontakt med: 


Sist oppdatert: 21.01.2022
Publisert: 12.11.2021