HeimHelse, sosial og omsorgKoronaRegjeringa held fram gjenopninga

Regjeringa held fram gjenopninga

Sjølv om landet vårt opnar meir opp er det viktig at vi framleis har høgt fokus på smittevern. Det er framleis aktuelt å innføre lokale reglar for å slå ned utbrot. 

Nasjonale tiltak

Her er nokre av anbefalingane som gjeld for heile landet.

Sosial kontakt

  • Ikkje ha besøk av fleire enn 20 gjestar
  • Rådet om avstand gjeld framleis, men dei som er beskytta kan ha nær sosial kontakt med andre beskytta, og ubeskytta som ikkje er i risikogruppa

Arrangement

Det oppfordrast til å ha arrangement utandørs. 

Private arrangement

  • Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigd eller lånt lokale.

Offentlege arrangement

Trykk her for å lese hva som gjeld for offentlege arrangement på regjeringen.no

Idretts-, kultur og fritidsaktivitetar

  • Oppmodar om at aktivitetane føregår utandørs
  • Barn og unge under 20 år kan delta som utøvarar på idrettsarrangement eller konkurransar på tvers av regionar/kretsar (nasjonalt), både utandørs og innandørs, uten krav om å halde 1 meter avstand
  • Vaksne i breddeidretten får unntak frå 1-metersregelen ved deltaking på idrettsarrangement som kampar og stevner innan regionen/kretsen. Dette gjeld både utandørs og innandørs.

Arbeidsliv

  • Auka nærvær på arbeidsplassen
  • Generelle smitteverntiltak
  • Det må vere mogeleg å halde ein meters avstand
  • Dei som er beskytta treng ikkje å halde avstand til andre, men bør ta spesielt omsyn til ubeskytta risikogrupper.

Du kan lese meir om skule, barnehage, sommarleirar, idrett, kultur og fritidsaktivitetar på nettsida til Regjeringa

Reiseråd

  • Frå 5. juli opphevar Regjeringa reiserådet for EØS, Schengen og Storbritannia.
  • Frå 19. juni opnar det for innreise for familiar og kjærastar som bur i EØS-området og Storbritannia. (Kjærastar må søkje Utlendingsdirektoratet).

Sist oppdatert: 13.07.2021
Publisert: 21.06.2021