HeimHelse, sosial og omsorgKoronaSmitteverntiltak for Gulen kommune

Smitteverntiltak for Gulen kommune

Av dei nasjonale pressemeldingane går det fram at Noreg blir gjenopna etter ein trinnvis modell – med trinn II frå 27.05.2021. Gulen kommune har gjennom pandemien følgt nasjonale retningsliner og tilrådingar, og held fram med dette. 
Dei nasjonale reglane finn du her. 

Vi set pris på at de held fram med å vere gode på smittevern, og dermed gir ditt bidrag til å halde belastninga av pandemien så låg som mogleg. 

Kva betyr den gradvise gjenopninga for dei som oppheld seg i kommunen 

Det er lov å ha besøk av 10 gjester i eigen heim. Ein må ha plass til å halde avstand. Fylgjande gjester reknast ikkje med i antalsbegrensninga 

  • Personar som er fullvaksinert. 

  • Personar som har fått éin vaksinedose (og det har gått 3 til 15 veke etter siste dose). Dei må ha opphelde seg i Noreg de siste ti dagane. 

  • Personar som har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste seks månadane. 

For arrangement i leiglokale kan ein vere 20 personar, og inntil  20 vaksne personar kan trene saman innandørs dersom avstandskrav vert oppretthaldne. Førebels gjeld ikkje same regel som for private arrangement heime, og vaksinerte inngår i dette talet 

For andre arrangement er det justeringar i tal personar som kan delta på arrangementet, for meir detaljar sjå dei nasjonale retningslinene.  

For reiser til og frå utlandet, er det i større grad enn tidlegare opna opp for at ein kan få unntak frå karantenehotell, men dette gjeld berre frå spesielle land. Ein må då gjennomføre karantenei heimen  

Kva betyr den gradvise gjenopninga for vaksinasjon og dei andre tenestene i kommunen 

Som de sikkert har sett frå nasjonale media skjer det ei omfordeling av vaksinedosar til kommunar som har hatt høgt smittetrykk over tid.  For innbyggjarane i Gulen kommune er konsekvensen av denne omfordelinga blitt redusert ved at helsepersonellet vårt har tilpassa seg slik at dei kan motta eit høgt tal vaksinedosar i veke 29 – 31 (månadsskiftet juli/august).  Positiv innstilling og stor dugnadsånd frå Dalsøyra skule, helsepersonell, Røde kors og frivillige – gjer oss i stand til å gjennomføre dette.  

Spørsmål om smittevern, testing, reglar for karantene og vaksinasjon vil gjennom sommaren bli besvart ved henvending til Gulen legekontor eller helsestasjon. Testing blir gjennomført dagleg ved Gulen legekontor (Eivindvik) på vekedagar. Smittesporingsteam er beredt, dersom utbrot. 

Ei delvis gjenopning vil  òg gjere det enklare for skulane og barnehagane vår. Ein kan lette på tiltaka, og klassen eller avdelinga treng ikkje lenger å reknast som ein kohort. Kvardagen kan organiserast som normalt. Barna og elevane kan igjen møtast og bevege seg fritt utan avgrensingar. Det vil verte enklare å samarbeide mellom trinna på skulen og avdelingane i barnehagen. Det vil òg gjere det enklare å få til eit godt samarbeid mellom barnehagen og skulen på dei enkelte einingane.  

Skulane og barnehagane vil med den vidare gjenopninga vere på grønt nivå, så lenge det ikkje er særskilte hendingar som tiltre. Det fører til at reinhald går over på litt meir modererte tiltak. Det vil seie at ein skal ha god hygiene og normalt reinhald   

Barnevernet har gjennom heile pandemien hatt full drift, og ei delvis gjenopning vil kunne gjere arbeidet i kommunane her enklare. Likevel må barnevernet framleis halde seg oppdatert på smittevernreglar frå fleire delar av landet, blant anna knytt til samvær. 

For dei øvrige tenestene våre følgjer vi same retningsliner som vi har hatt den siste tidaVi minner om at på sjukeheimen  ein framleis ha dialog med sjukeheimen for å melde besøk. Nye rutinar vil bli lagt ut i eiga lenke så snart ein har fått vurdert nærare korleis ein skal skilje mellom vaksinerte og ikkje-vaksinerte ved gjennomføring av tiltaka.  


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 25.05.2021