Ressurssjukepleiar i kreft og lindring
Kven er tilbodet meint for?
Du kan ta kontakt dersom du:
- Nyleg har fått ein kreftdiagnose
- Er pårørande til ein som har kreft
- Ventar på behandling
- Er under behandling
- Har seinverknader etter kreftbehandling
- Er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering
- Ikkje blir frist og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen
Pårørande kan også ta kontakt. Det same kan samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kva kan Ressurssjukepleiar i kreft og lindring hjelpe deg med?
- Vere ein ressursperson for deg som er kreftramma eller er pårørande
- Gi råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering
- Vere ein samtalepartnar, som kan bidra til å sortere tankar i ei vanskeleg tid
- Ha oversikt over og informere om relevante tilbod og tenester, kurs og rehabilitering
- Vere eit bindeledd mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunane, og formidle kontakt til ulike tenester og aktuelle samarbeidspartnarar
- Sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande
- Koordinere og leggje til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag heime
- Omsorg ved livets slutt
Kontakt oss
Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du som er kreftramma eller pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Du kan også be andre om å ta kontakt.
- Mona Hjartholm
Ressurssjukepleiar i kreft og lindring
Mob. 47 23 69 06
Mail : mona.hjartholm@gulen.kommune.no
Samtale med ressurssjukepleiar i kreft og lindring kan skje heime hos deg, på telefon eller på kontoret til ressurssjukepleiar.
Sist oppdatert:
09.02.2023
Publisert:
20.10.2020