Avlastingstilbod

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemnda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Kva får du?

Avlasting vert gjeve på timesbasis eller gjennom eit eller fleire døgn, i heimen eller på institusjon. Det blir også gitt avlastningstilbod på bu og omsorgsentera.

Med avlasting får du som pårørande nødvendig avbrekk frå krevjande omsorgsoppgåver, og moglegheit til å ivareta deg sjølv.

Krav til søkjar

Du kan få avlasting om du har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for familiemedlemmar som har ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing.

Kontakt oss

Vi minner om at helseopplysningar ikkje bør sendast på e-post.


Sist oppdatert: 06.06.2024
Publisert: 27.09.2019