Avlastingstilbod

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Kva får du?

Avlasting vert gjeve på timesbasis eller gjennom eit eller fleire døgn, i heimen eller på institusjon. Det vert ikkje gitt avlastingstilbod på raude dagar og juli månad. 

Med avlasting får du som foreldre/pårørande nødvendig og regelmessig avbrekk frå krevjande omsorgsoppgåver, og moglegheit til å ivareta andre familierelasjonar, til dømes søsken og parforhold, og sosiale nettverk.

Barnet/ungdommen får eit individuelt tilrettelagt avlastingstilbod med tilpassa aktivitetar. Tilbodet som vert gjeve er i samråd med ønskjene og behova til familien.

Krav til søkjar

Du kan få avlasting om du har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for familiemedlemmar som har ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing.

Kontakt oss

Vi minner om at helseopplysningar ikkje bør sendast på e-post.


Sist oppdatert: 19.06.2023
Publisert: 27.09.2019