HeimHelse, sosial og omsorgVelferdsteknologi

Velferdsteknologi

Kva er velferdsteknologi?

Velferdsteknologi er tekniske hjelpemiddel og alarmar, som gjer at du kan kjenne deg trygg heime og meistre kvardagen uavhengig av alder, funksjonsnedsetting og bumiljø. Teknologien varslar når det skjer ei uønskt hending, og kan førebyggje behovet for andre pleie- og omsorgstenester. Velferdsteknologien kan også bidra til å avlaste pårørande.

Teknologien er eit supplement og hjelpemiddel, og skal ikkje erstatte helsetenester. Velferdsteknologi kan vere ei hjelp i tillegg til andre helsetenester, uavhengig av alder, funksjonsnedsetting og sjukdom.

Gulen kommune har vore med i Vestlandsprosjektet om Velferdsteknologi sidan 2017, og har sidan då arbeida med innføringa av ulike velferdsteknologiske løysingar i Gulen kommune.

Kva type teknologi tillbyr Gulen kommune?

Tryggleikskapande teknologi i heimen

Tryggleiksalarmen er ein alarmboks som er tilknytt straum, med ein alarmknapp som ein kan tilkalle hjelp ved å trykke på. Alarmen kan gå vidare til heimesjukepleien eller pårørande når den vert utløyst. 

Ein kan kopla ulike sensorer til tryggleiksalarmen etter behov i tillegg til ordinær smykkesendar/alarmknapp. Det er til dømes sensorar som kan gje alarm ved fall, døralarm – som registrere vandring innandørs eller om nokon går ut av huset om natta.

Ved spørsmål kan du ta kontakt med den sona/avdelinga du er heimehøyrande

Mobile alarmar med GSP-teknologi

Mobile alarmar med GSP-teknologisom gjer at personar med fare for å gå seg bort eller ikkje finne heim kan bli lokalisert av pårørande eller helsepersonell. Ved å nytte ein GPS-lokalisasjon kan ein framleis vere aktiv, og pårørande kan vere tryggare på at dei kan lokalisere dei, via GPS.

Medisinstøtte - Pilly

Pilly er ei medisinstøtte, som hjelper deg å hugse medisinen din. Pilly varslar når det er tid for å ta medisinen, om ikkje medisinen vert teken på riktig tid, vert pårørande eller helsepersonell varsla.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Kva kostar det? 
Inntekt Månadspris
Inntekt under 2 G* 226 kroner
Inntekt over 2 G*

473 kroner

*G= grunnbeløpet i folketrygda

Velferdsteknologi er gratis for dei som får velferdsteknologi som erstatning for anna helsehjelp.

Trykk her for oppdatert informasjon om grunnbeløpet på NAV sine heimesider.

Kva får du?
  • du får tryggleiksskapande teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • du får opplæring og informasjon
  • du blir meir sjølvstendig og mindre avhengig av andre
  • du kjem raskt i kontakt med helsepersonell
Krav til søkjar
  • du må bu i Gulen  kommune
  • du treng hjelp for å kjenne deg trygg heime
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp på grunn av fallfare
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp i naudssituasjonar
  • alarmane går på mobilnettet, og er avhengig av mobildekning i bustaden
Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 25.10.2019