Bibliotek

Finn ditt bibliotek

Gulen Folkebiblioteket har fire filialar:

  • Hovudbibliotek i Eivindvik ligg i Herresalen - det gamle kommunehuset. Biblioteksjef: Sigrid Solberg
    Telefon: 57 78 42 00 og 40 44 60 59
  • Filial Brekke ligg på Brekke skule. Filialstyrar: Isabelle Haugsvær Skahjem
  • Filial Byrknes ligg på Byrknes skule. Filialstyrar: Sylvi Teigen
  • Filial Dalsøyra ligg på Dalsøyra skule. Filialstyrar: Sylvi Teigen

Opningstider

Eivindvik Måndag kl 10.30-15.30, Torsdag kl 12.30-17.30
Brekke Torsdag kl 17-20
Byrknes Onsdag kl 15-20
Dalsøyra Tysdag kl 16-19

 

Oppdaterte opningstider for biblioteket finn du også på biblioteket si side på facebook: Trykk her for å sjå Gulen Folkebibliotek si side

Kva skjer på biblioteket?

Biblioteket har til dømes arrangement som foredrag, forfattarmøte og samtalar. Føl med på nettsidene til kommunen og biblioteket for å få ei oppdatert liste over arrangement.

Kva kan du gjere hos oss?

Låne bøker, tidsskrift, lydbøker og filmar, sjølvsagt!
Du kan i tillegg:

  • Låne datamaskin
  • Skrive ut og kopiere dokument. (Utskrift og kopiering kostar pengar, ta kontakt med biblioteket for oppdaterte prisar).
  • Kople deg til gratis wi-fi
  • Lese på biblioteket. Biblioteket abonnerar på fleire tidsskrift.
  • Låne Herresalen som møterom (lag og organisasjonar)


heimesida til biblioteket kan du logge deg inn med lånekortnummer og pin-kode. Her finn du også oversikt over låna dine. Du kan også fornye og reservere bøker og oppdatere personlege opplysningar.

Bli ein lånar

Slik blir du lånar

  1. Ta med deg legitimasjon på biblioteket.
  2. Ta kontakt med ein tilsett på biblioteket og be om hjelp til å bli registrert.
  3. Du kan velje om du vil bruke det nasjonale lånekortet kun lokalt i Gulen, eller eit nasjonalt lånekort. Då kan du bruke det på alle bibliotek i heile Noreg.
    Det gir deg også tilgang til ei rekkje digitale tenester.

Barn låner på foreldra sitt kort fram til dei startar på skulen.
Biblioteket ber om at ein tar kontakt om ein skiftar adresse, mobilnummer eller e-post.

Kva kostar det?

Det er gratis å låne, og det er inga avgrensing for kor mykje du kan låne på biblioteket.

Lånetid

Lånetida er slik: 

  • Bøker og lydbøker             4 veker
  • Filmar (dvd)                       1 veke
  • Tidsskrift                            2 veker

 

Vil du fornye lånet ditt?

Det er mogeleg å fornye det du har lånt to gonger viss ikkje andre har reservert det. Du kan fornye det du har lånt via e-post, telefon eller via heimesida til biblioteket

Fjernlån

Om du spør etter ei bok som biblioteket ikkje har, kan den vanlegvis lånast inn frå eit anna bibliotek. Det er då eigarbiblioteket sine lånereglar som gjeld. Du får beskjed når boka kan hentast.

Slik leverer du

Lever det du har lånt i skranken på biblioteket. I Eivindvik kan du utanom opningstid levere i bok-skapet, som står til venstre for inngangsdøra.

Purring

Om du ikkje leverar innan fristen, får du purring.
Biblioteket vil ha attende alt som vert lånt ut, slik at fleire kan ha glede av det.
Om du ikkje leverar materiale etter tre purringar, sendast det erstatningskrav for det du har lånt jmf. utlånsreglar for Gulen folkebibliotek.

Våre digitale tenester
  • E-bøker og e-lydbøker
    Lån  e-bøker og e-lydbøker gjennom appen Bookbites
  • Fjernlån
    I Biblioteksøk kan du sjølv bestille bøker og hente dei på hovudbiblioteket i Eivindvik.

 

  • Norske kort -og dokumentarfilmar
    Filmbib er ei strøymeteneste frå Norsk filminstitutt.

 

 

  • Eventyr på fleire språk
    Lesekroken kan du lese og høyre eventyr på fleire språk.
    Passordet er Gulbib

Sist oppdatert: 15.07.2021
Publisert: 20.10.2020