HeimKultur og aktivitetBorgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Før du tar kontakt med kommunen

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller krava til ekteskap.

Trykk her for å gå til Skatteetaten sin rettleiar for vegen til ekteskapet.

På heimesida til Skatteetaten kan de fylle ut dei skjema som skal til for at Skatteetaten kan sende ein såkalla «prøvingsattest» i retur til dykk.

Det er viktig å merke seg at:

  • Prøvingsattesten er gyldig i fire månader og må vere gyldig den dagen de skal gifte dykk.
  • De må sende den originale prøvingsattesten til oss, ikkje ein kopi.
  • Prøvingsattesten sender de til: 

    • Gulen kommune
      Eivindvikvegen 1119
      5966 Eivindvik
  • Merk brevet med «vigsel». De kan også levere attesten til innbyggarservice på  kommunehuset i Eivindvik.
Slik bestiller du tid

Når vi har fått den gyldige prøvingsattesten, kan de avtale tid for vigsel med oss.
Ønska tid sender de på e-post til postmottak@gulen.kommune.no

  • Sett opp alternative datoar, i tilfelle vi ikkje klarar å møte førstevalet.
  • Vi sender deg eit samtykkebrev når tida for vigsel er bestilt.
Vigsel og koronaberedskap

Vi opnar for vigslar. Ta kontakt med oss på vanleg måte og høyr om vi kan gjennomføre vigsla di.

Vigslar på kommunehuset må følgje smittevernreglane for aktivitet på kommunehuset. Ønskjer de vigsel andre plassar, må de følgje dei nasjonale retningslinjene for arrangement og sjølv stå ansvarleg for smittevernet.

Kvar og når skjer seremonien?

Vi har vigslar i formannskapssalen på kommunehuset i Eivindvik eller i den gamle heradssalen like ved.
I tillegg er vi opne for å vurdere vigsel andre stadar.

Kva kostar det?

Kommunen sitt alminnelege vigselstilbod er gratis for kommunen sine innbyggarar og for personar som ikkje er busett i Norge.
Dersom vigsla skjer på andre stadar enn kommunehuset eller til andre tider kan kommunen i så tilfelle kreve å få dekka meirkostnader ved dette.

Kven står for vigselen?

Vigslarar vert oppnemnde av kommunestyret i Gulen. Dei som har fått vigselsmynde i Gulen kommune er:

  • Ordførar Hallvard Oppedal
  • Varaordførar Odd Harald Eide

 


Sist oppdatert: 17.10.2022
Publisert: 20.08.2018